ANNONSE:

Fasteinnsamlinga for Kirkens Nødhjelp er blant kyrkja sine store tiltak. Her mottek sokneprest Kristin Strand ei av bøssene i Åsskard i 2018.

Kyrkjeglimt på museet

Komande søndags tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum er «Folk og kyrkjeliv». Bernt Bøe blar i eigne bøker og viser bilete.

Det såkalla «Stor-Stangvikgjeldet» omfatta i gamle dagar både Halsa, Åsskard, Surnadal, Rindal, Todalen, Stangvik og store deler av Tingvoll og Sunndal.

- Enorm kulturrikdom pregar den lokale kyrkjehistoria, seier kåsøren. Utanom sitt nye verk om Ranes og Øye i Surnadal har han skrive bøker om Stangvik, Todalen, Åsskard og Valsøyfjord kyrkjer.

- Alle desse er flotte og interessante bygg. Men like viktig er glimta av folket sitt frodige kyrkjeliv på alle plan, understrekar han. Kåseriet markerer også at årets 250-årsjubilant Hans Nielsen Hauge skapte røre og grunnla ein varig arv med sine besøk i bygdene våre.

Kanskje dukkar det også opp ukjente fakta og artige pussigheter om prestar og kyrkjefolk, namn, skikkar og reisemåtar i tider som var.

Ikkje minst vil programmet vise noko av den kreative aktiviteten som pregar lokalkyrkja i vår eiga tid.

Plakat
Øye kyrkje har 150-årsjubileum i år.
Stangvik sokneråd ved Bjarne Røen (t.h.) har gjeve Bøfjorden Historielag (ved Bernt Bøe ) denne stoldøra frå den førre Stangvik-kyrkja anno 1784
Barnegruppa Amigos skaper liv i Åsskard-kyrkja, 2015
Diktet på «Kongetavla» i Mo fortel om Christian V si reise gjennom Surnadalen i 1685.
Madonnafigur frå kyrkja på Skei rundt 1250.
Powered by Labrador CMS