Sørlandet av Halsafjorden, sett frå Kalset. Biren er i lia midt på biletet – mellom Digermulen til venstre og Jordalen til høgre.

Dramatisk 250-årsminne

Publisert

Halsafjorden frå Talgsjøen mot Stangvika er eit flott stykke Nordmøre. Men idyllen har sterke innslag av drama og ulykke gjennom tidene. Eit 250-årsminne er aktuelt i desse dagar.

Fisken bit, og historie om liv og lagnad ligg tett på når du fer langs Saksen og Kalsetlandet mot Bøfjorden og Båtvika eller når du følgjer Sørlandet frå Kanestraum til Torjulvågen.

Denne utsikten kan du også nyte frå Halsaferja, og namna fortel om fråflytta gardar og bruk.

På djupaste sjøbotnen her ligg gravstaden for mengdevis av krigsmateriell og for ein stor flåte av kondemnerte farty.

Mange ulykker
Lista over ulykker på dette fjordstykket er dessverre lang og trist. Her omkom klokkaren på kyrkjereise. Her forliste familiefaren med vedlast frå Torjulvågen. Her kollsegla mannen frå Båtvika og drukna saman med to nevøar.

Og ikkje minst: 250-årsminnet om ulykka på det vesle bruket Biren (eller «Indre Jordal») – ein heim hundre meter oppe i lia mellom Kanestraum og Torjulvågen.

Biren var busett frå mellomalderen til litt etter 1800 - først i eige av Kanestrøm-godset, frå 1765 under Nordbø og derifrå utskilt som del av Vikavollen i 1932.

Halsafjorden mot aust – sett frå ferja. Saksen og Saksneset til venstre. Biren låg i lia midt i det mørke feltet til høgre.

Etter fråflyttinga på 1800-talet har Biren vore seter, slåttamark, beiteland og fritidsområde. Seterskjelet - visstnok med restar av siste stua - er halde i stand og har nettopp fått nytt tak. Murar etter gardsfjøset er synlege.

Slit for føda
«Oluf Inder Jordal» var brukar i 1624. Kvegskatten i 1651 fortel om seks kyr, fire sauer, fire geiter og ein hest. Sjøen var einaste tilkomstveg - bortsett frå ein kronglete geitesti frå Torjulvågen sommars dag. Alle bører laut berast bakkane opp til husa – her er også merke etter muring og vegarbeid. Sjøen var dertil matfat, med fiskeri og eit godt lakserom attmed Biraskjeret.

I dei bratte liene her mellom Jordalen og Digermulen går det stadig ras og skred. Steindungar og anna morass har vore synlege bevis på desse farlege og arbeidskrevande naturforholda.

Tragedien 3. mai 1772
Men verst var det som skjedde uversdagen 3. mai 1772. Det er bakteppet for denne artikkelen.

Brukarane i Biren var Rasmus Pedersen Jordal og kona Gjertrud. Det unge paret hadde fått sitt første barn.

Sjøen går kvit nede på fjorden denne dagen. Stormkasta brakar i liene når Gjertrud går til fjøset. Ektemannen og barnet er inne i stua – den vesle søv i vogga si.

Så – medan Gjertrud sit og mjølkar, hører ho dommedags dunder idet eit enormt snøras kjem ned lia. Ho slepper mjølkebøtta, spring ut - og blir vitne til det heilt forferdelege: Stua er teken av raset, stokkar og bordendar stikk så vidt opp av snømassane og bårebrota nede i flodmålet!

Den stakkars kvinna veit ikkje si arme råd. Ho spring ned til sjøen, men ser verken mannen sin eller voggebarnet. Umuleg for henne å gjera noko på staden.

Seterskjelet skal innehalde restar av husa som vart bygde etter snøraset i 1772. Her er det nyleg kome på nytt tak.

Vogga flaut på fjorden
Etter hjelp er det langt å fara. Men i naustet, som enno står, er det to båtar – ein liten færing og ein stor fir-røing. Brottskavlane på fjorden seier henne at færingen er for liten, så med alle sine krefter bryt ho ut fir-røingen, tek til årane og ror for livet etter det som måtte vera hjelp i ein slik tragedie.

Ho baskar seg innover til Nordbøen. Folk der på garden har seinare fortalt at ho kom sjanglande inn på kjøkenet og så vidt fekk fortalt om hendinga før ho datt i hop – fullstendig utsliten.

Setra i litt eldre tid.

Alarmen gjekk. Så langt veret tillet det, drog folk ut med båtar for å leite etter mannen og barnet og sjå kva som kunne bergast. Men dei fann ingen og kunne ingen ting gjera slik forholda var.

Omsider roa veret seg, og leitinga kunne halde fram. Og da hører vi om det kanskje mest tåredrypande i denne tragedien: Dei fann vogga flytande ute på fjorden – med det døde barnet i …

Vogga flaut på fjorden.

Ny start - i Vågen
Folket i Torjulvågen tok seg av den unge enkja så godt det let seg gjera. Gjertrud var ei sterk kvinne og gav ikkje opp. Ho vart seinare gift med Tore Andersen, vart gardkone i Vågen og mor til ein etterslekt som enno tek vare på minnet om henne og hendinga i Biren.

Også tidlegare hadde det skjedd ras her – noko vi ser av notat på tinget same hausten (1772). Der vart det spurt om plassen var oppattrydda. Men allmugen presiserte at garden var øydelagd av skredet 3. mai same året – «hvormed nu for anden Gang Huusene ere fuldstændigt ødelagte».

Rett nok ser det ut til at nye hus vart bygde på litt tryggare tufter, ovafor dei gamle. Men dei nye eigarane vart ikkje der lenge, og tidleg på 1800-talet var altså plassen fråflytta for godt.

Kart over det aktuelle området.

Etterkomarar
Vi nemner gjerne at sønnen til Gjertrud og Tore – «Anders Thoresen Vaagen» - var blant dei 12 tillitsvalde ved samlinga i Stangvik kyrkje 11. mars 1814, der dei bestemte utsendingar til amtsmøtet som igjen peika ut Eidsvollsmenn frå området vårt. Saman med andre framståande frå prestegjeldet skreiv han (altså broren til voggebarnet i Biren) under støtteerklæringa til prinsregent Christian Fredrik og gav sin eid – med løfta høgrehand og fingrane i kors – på «at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland»!

Biraskjeret er både landmerke og fiskeméd.

Dotter til Anders, oppkalla Gjertrud etter bestemora, vart i 1842 gift med handelsmannen og gjestgjevaren Hallstein Drøpping i Båtvika (av alle handelssentra den gongen!). Som enkje gifta ho seg (1845) med Einar Larsson Bele (Jostua). Dei vart i 1867 eigarar av garden Hakstad. Sønnen deira, Hallstein Hakstad, var postopnar og ei tid ordførar i Åsskard.

Gjennom alle slektsledd har Gjertrud-namnet levd vidare heilt til våre dagar. Og etterkomarar finn vi rundt på Nordmøre.

Men no i mai 2022 knyter vi minnet om henne og mannen og voggebarnet til den triste hendinga i Biren for akkurat 250 år sia.

Anders Thoresen Vaagen, bror til barnet i vogga, var blant underskrivarane på prinsebrevet frå Stangvik 11. mars 1814. Signaturens hans er nedst til høgre.

……………………………………………
Bernt G. Bøe / Bøfjorden Historielag
……………………………………………

Powered by Labrador CMS