Leiar Bernt Bøe i Bøfjorden Historielag med det handgripelege krigsminnet frå «Statsraad Riddervold» anno 1940. Same skipet forliste i 1944 akkurat her i bakgrunnen like utafor sjøbruksmuseet.

Krigsminne til sjøbruksmuseet

Eit krigsminne knytta til den legendariske rutedampbåten «Statsraad Ridddervold» er nyaste tilvekst til samlinga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Publisert Sist oppdatert

Den 26. april 1940 var «Statsraad Riddervold», ført av kaptein Henrik Stiansen, på veg gjennom Omsundet inn til Kristiansund. To tyske fly gjekk til angrep med mitraljøser og bomber. Ingen av dei 50 passasjerane vart skadd. Men det kunne gått katastrofalt.

Bombe gjennom brua og dekket

Ei av bombene trefte kommandobrua, gjekk via billettkontoret i ruffen, gjennom dekket og ned i ei asfalt-tønne i lasterommet – heldigvis utan å eksplodere! Ein del av denne bomba er det museet i Bøfjorden no har vorte eigar av.

Kaptein Stiansen tok vare på det som etter alt å dømme er noko av styrevengen på prosjektilet. Litt av medfarten frå brua, kontoret og dekket synest nok, men elles er delen heil.

Registreringsnummeret «40 A/161 K – S54» er leseleg og kan kanskje gi ein peikepinn om kva slags bombe dette var?

Delen av bomba er truleg noko av styrevengen.
Nummeret 40 A/161 K – S54 fortel kanskje kva bombe dette var?

Forliste i Bøfjorden

«Statsraad Riddervold» var ute for eit enda større drama i mars 1944 – nettopp i Bøfjorden. Da grunnstøytte båten og sokk ved Skrøvsetholmen. Kaptein Stiansen omkom. Dette skjedde berre nokre hundre meter utafor dagens Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Nettopp denne dampbåten hadde stor betydning heilt frå byggåret 1877 og til opphogginga i 1950, både i Trondheimsruta og på Nordmøre. Forliset i Bøfjorden gjer det ekstra viktig for museet her å ta vare på historia om «Riddervold». Slik er dette handgripelege minnet om dramaet i Omsundet 26. april 1940 særleg verdifullt.

Det er John Stiansen, barnebarn etter Riddervold-kapteinen Henrik Stiansen, som har gjeve dette spesielle klenodiet til Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Han fortel også at restane av «Statsraad Riddervold» etter opphogginga ligg på sjøbotnen like utafor Ålesund.

«Statsraad Riddervold» var ein hyppig gjest i fjordbygdene – som her i Skrøvsetvika i Bøfjorden i 1938.
Powered by Labrador CMS