Flagget var tidleg på plass da Samvirkelaget på Bølandet starta 75-årsfeiringa laurdag.
Flagget var tidleg på plass da Samvirkelaget på Bølandet starta 75-årsfeiringa laurdag.

«Bua vår» jubilerte

Kundekretsen, leiaren og styret feira i helga 75 år med samvirkelag i Bøfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag var det jubileumsarrangement på Grendahuset - med middag, tilbakeblikk og framtidsvyer. Søndag var «Bua vår» - altså Coop Marked Bøfjord - tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Viktig rolle

Dagleg leiar May Iren (Mayse) Dønheim Hovde og lagets formann, broren Inge Dønheim, hadde både styret og bygdefolket med seg i markeringa av den viktige rolla som nærbutikken har hatt og framleis har i eit lokalsamfunn som Bøfjorden.

Samlinga på Grendahuset starta med at Emilie Brøske Rønning «lura» seg fri frå butikkjobben for å poengtere bua sin funksjon som vegvisar i kvardagen - nemleg ved at ho song visa «Har du fyr».

Stolt styrar Mayse attmed plansjen som i ord og bilete fortel viktig Bøfjord-historie. Frå feiringa på Grendahuset.
Stolt styrar Mayse attmed plansjen som i ord og bilete fortel viktig Bøfjord-historie. Frå feiringa på Grendahuset.

Kåseri, servering og helsingar

Etter Bernt Bøe sitt tilbakeblikk på historia til Bøfjord Samvirkelag baud Buakokkå - igjen utrøttelege Mayse med gode hjelparar - på nydeleg sodd og kaffe til forsamlinga. Som «takkevers» tona Bøfjordsongen – som alltid blir sungen på store dagar i bygda.

Innimellom var det helsingar. Stig Olson frå Merkur hadde rosande ord om arbeidet som er gjort i Bøfjorden. Merkur er eit utviklingsprogram i regi av kommunal- og moderniseringsdepartementet til styrking av distrikstbutikkar og dermed levevilkår og busetnad i bygde-Norge. Slik har også «bua» i Bøfjorden fått viktig økonomisk stønad til investeringar – no sist blant anna til restaurering av det rundt 80 år gamle kaianlegget.

Som avslutning delte May Iren velforma og konstruktive tankar om verdien av nærbutikken og om den bevisstgjeringa som må til hos alle for at 75-åringen Coop Marked Bøfjord skal vera liv laga fram til neste jubileum. Ho takka også Surnadal kommune for stønad gjennom næringsfondet.

«Buakokkå» - igjen med Mayse i hovudrolla – sørga for nydeleg sodd, kaffe og kaker til bygdafolket.
«Buakokkå» - igjen med Mayse i hovudrolla – sørga for nydeleg sodd, kaffe og kaker til bygdafolket.

Tema på museet

Under søndagens program på Bøfjorden Sjøbruksmuseum stod også «Bua vår» i sentrum. Bernt Bøe framførte ein biletversjon av butikkhistoria – og da frå heile bygda. Dokumentasjon og muntre ankedoter utfylte kvarandre.

Bø (seinare Bøfjord) Samvirkelag vart stifta i Stakkneset 12. mai 1946. Kåsøren gav portrett av styrarane Ole Sjøflot (1950-talet), Ingar Snekvik (som leia Samvirkelaget i omtrent 50 år) og «Mayse», som har fått fart i drifta dei siste åra. Ho hadde sjøl eit framtidsretta bidrag til kåseriet – attåt kioskteneste på museet denne dagen!

At både ho og bror Inge (søndagens museumsvert) er frå Bøgeilen, der laget hadde første butikken fram til 1953, er i seg sjøl eit artig poeng.

Ymse handel opp gjennom åra

Biletkåseriet oppsummerte butikkhistoria i bygda - med Settem rundt 1890 (Endre Hoaas), Midtiøra og Skrøvsetbakken (Lars Vaagen) og Johanna Staknes med butikk i Ora først på 1900-talet. (Ho slutta daglegvarehandelen, men starta da som omvandrande bokhandlar og gjekk bygdene imellom med bøker i ryggsekken!)

Da Orsetbua la ned i 1973, hadde trafikknutepunktet Skrøvsetvika hatt handel sia 1900. På Peøra dreiv Olaf Ansnes frå 1910 til etter krigen. Innergarden var butikk frå 1930-talet til ut på 2000-talet. Også i Settemsdalen var det handel ei tid.

Mykje butikkhistorie dukka fram på lerretet under kåseriet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Her er dagleg leiar i Coop Marked Bøfjord, May Iren Dønheim Hovde (t.v.) saman med bror Inge Dønheim (styreleiar) og kåsør Bernt Bøe (til høgre).
Mykje butikkhistorie dukka fram på lerretet under kåseriet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Her er dagleg leiar i Coop Marked Bøfjord, May Iren Dønheim Hovde (t.v.) saman med bror Inge Dønheim (styreleiar) og kåsør Bernt Bøe (til høgre).

Spøk og alvor rundt juibileet

Men Bøfjord Samvirkelag var hovudtema. Forretninga flytta frå Bøgeilen til nybygd lokale i Ilabukta vinteren 1953. Seinare kom utviding og modernisering av butikken.

Samspelet med publikum særpregar temadagane på sjøbruksmuseet. Fleire hadde kommentarar til biletserien om butikkane. Og Paul Bøe fortalte at han som gutunge var med og køyrde stein til fyllinga der samvirkebygget vart reist først på 1950-talet.

Mange muntre episodar knyter seg til butikkhistoria. Ein handelsmann tegna varene når nokon kjøpte «på krita», men han glømte om kunden var skuldaug for ein ost eller ein slipestein. Ein gutunge som ikkje var stø i lengdemål, forlangte 60 kilometer med strømpeband hos Ansnes på Peøra!

Kåsøren mintest sjøl da han som 5-åring skulle springe heim med plommesylte i eit spann frå bua i Geilen. Han snubla og mista alt innhaldet på grusvegen, men skrapa syltety og småstein samvittighetsfullt opp igjen og gjekk stolt heim til mamma med det fulle spannet ...

Og da dei i Bøkleppen gjekk tom for hesjastreng, rodde mannen først til Skrøvsetvika. Men verken der eller på Peøra var det streng å oppdrive. Opprådd rodde han til Torjulvågen – der det også var utselt. Vel – slåttonna kunne ikkje stoppe. Så bonden tok igjen årene fatt og sette kursen mot Stangvika – der det heldigvis var ein strengebunt att. – Men hadde ikkje du hatt, sa han til handelsmannen, - så måtte eg ha rodd til Surnadalsøra!

Jau – det er kjekt å ha butikken i nærare ro-avstand. Og med godt vareutvalg – som hos 75-årsjubilanten Coop Marked Bøfjord!