Søndagsgudstenesta i Rindal kirke

begge dåpsbilda frå artikkelen

Barnedåp og fastegudsteneste

Det er betre at ein døyr for folket enn at heile folket går til grunne, sa øvstepresten i preiketeksta. Og det var jo slik det vart: Jesus døydde for folket.

Publisert Sist oppdatert
Dåpsbarnet Live Ranheim med foreldre og fadrar.
Dåpsbarnet Pia Bjørnås Kooyman med foreldre og fadrar.

Dagens tekst var Johannes 11, 45-53

Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»

Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»

Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

Det er så mykje vondt i verden. Ja, det er det. Det er mykje vondt. Så mykje vondt å ta inn frå Dagsrevyen og andre nyhende at me helst må skåne borna våre frå å sjå det. Men dei får det med seg likevel – dette tungsinnet av bekymring og angst som har lagt seg over oss sidan 24. februar i fjor. Kor mykje lidelse skal det bli? Kvar skal det ende? Korleis vil det ramme oss?

Preika til Lene prest:

Då Jesus gjekk her på jorda, var også hans land underlagt ein stor og sterk nabo. Romarriket var sterkt, og dei hadde overmakta. Mykje av det vonde som skjedde med Jesus der han levde, vart slik fordi leiarane var redd for overmakta i Roma.

Dette kjem også tydeleg fram i stykket bibelhistorie me har lese: Leiarane er redde. Jesus i seg sjølv var ikkje farleg, så langt derifrå.

Men dei var redde for at for mange skulle slutte seg til Jesus og tru på han. For hvis det vart mange som trudde på Jesus, så kunne det bli sett på som ein type opprør, og dermed vart heile eksistensen for samfunnet og religionen skjørt.

Jesus måtte stoppast!

Det er dette dei bestemmer. Og han som er øvsteprest, han har den genuine løysinga at det er betre at ein døyr for folket enn at heile folket går til grunne.

Det er betre at ein døyr for folket enn at heile folket går til grunne. Seier han som er øvsteprest med ekstra lange antenner og ekstra stor visdom så han kan tale profetisk.

For det var jo slik det vart: Jesus døydde for folket.

Men denne Jesu død for folket går så mykje lengre og djupare enn folket kunne tenkt seg:

Det blir ikkje berre for å berge folket frå at romarane slår ned noko som kan sjåast som eit gryande opprør.

Det er så mykje meir – så mykje meir enn korkje øvsteprestar, Kaifas, romarar eller nokon av oss kan forstå:

Når Jesus døyr for folket, så døyr han for kvar enkelt av oss slik at ingen av oss går til grunne.

Jesu død for å sone for verdas synd og urett og tross og djevelskap begrenser seg ikkje berre til ein liten provins under Romerriket, men sprengjer alle grenser både geografisk og tidsmessig.

Høyrde de det? Alle grenser er sprengt, både i geografi og i tid. Dette som heiter for Jesu død for folket – det er vårt også!

Og me må gjerne vera individuelle så me ser at det angår kvar einaste ein av oss: Det er betre at ein døyr for folket …. For meg! – enn at eg går til grunne.

I det heile tatt ei kjærleg handling. I det heile tatt ei sjølvoppofrande handling. I det heile tatt å bli ivaretatt på ein større og meir kjærleg måte enn nokon av oss klarer å stelle oss sjølve.

Det har nettopp skjedd her framme for Live og Pia. I dåpen vart det symbolsk, dette som skjer på ekte:

Dei vart gravlagt med Jesus for at livet dei skal leva og blomstre i vidare skal vera med Kristus – ikkje berre til dei blir gamle, men for evig og alltid.

Ja, det var faktisk betre for folket – for kvar og ein av oss – at Jesus døyr for folket – for kvar og ein av oss – enn at nokon av oss skal gå til grunne.

Jesus gav livet sitt for oss for at livet skulle liggja føre oss for evig og alltid. Det er mykje håp i dette. Mykje glede. Og ja, me må gjerne takke for at me er elska me ein kjærleik som er så stor at den bèr og held både dåpsborn og heile menigheita for øvrig i sine hender for evig og alltid.

Powered by Labrador CMS