ANNONSE:

Koret «Prosjekt 17» under øving i Todalen kyrkje før julekonsertane søndag 10. desember

Tonar frå ei skattkiste

Julemusikken vår fyller ei stor skattkiste. Koret P17 ser ei oppgåve i å dele høgtidsperler med alle. Søndag 10. desember skjer det med kyrkjekonsertar i Todalen og Åsskard.

Publisert Sist oppdatert

- Sjøl i vår urolege tid har vi uforanderlege verdiar å ta vare på. Denne jula er det viktigare enn nokon gong å hente fram songane om lyset, stjerna og det evige håpet, seier leiar Bernt Bøe i koret Prosjekt 17. 

– Vel kan tekstar som «Deilig er jorden» provosere, når Jesu krybbe står i bomberegnet. Men nettopp da bør vi synge bodskapen i dei ekte julesongane som ein livgjevande motkultur.

Kista rommar perler frå alle tider, på desse konsertane er tidsspennet frå 1300-talet til 2021. Sande-visa «Det lyser i stille grender» som allsong står side om side med Bach-arie, Mendelssohn-kor og store julehymner frå anglikansk tradisjon.

Med seg har koret fløytisten Tove Elin Strand, fiolinisten Synnøve Hammervold og pianist-organist Tor Strand. Korist Turid Kroknes syng også solo, ein arie frå Bachs Juleoratorium.

Konserten vil «synge inn jula». Da er inkluderande allsong viktig. Her samlast kor, forsamling og musikarar i felles innsats og oppleving.

 - Tider og trendar skifter. Slik også preg og innhald i kyrkjekonsertar. Som kontrast til kyrkja som kommmersiell scene med blafrande artistlys låner vi øre til finske Zakarias Topelius. I si «Julvisa», tonesett av landsmannen Sibelius, målber han alternative idear om kva jula bør innehalde: «Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt i signad juletid. Giv mig Guds ära, änglavakt och över jorden frid, fortset Bøe.

-  Mannsgruppa i koret P17 vil formidle desse tankane til den som lyttar med ope sinn. Songen poengterer kven som er jula sin hovudperson – eit faktum som kanskje bleiknar for tida: «Giv mig en fäst som glädjer mest den konung jag har bett till gäst.

Folk har nok forhold til både Alnæs «Julemotett», Grubers «Stille natt» (forresten i originaltapping), «Å kom nå med lovsang» og andre kjenningar. Ein lokal stubb er nok derimot ny.

Ukjend for dei fleste er elles Mendelssohns «Ave Maria» - engelens helsing til Jesu mor. Eit litt krevande stykke, men garantert ei vakker oppleving viss koret lykkast!

Krevande og spennande er også «Hallelujakoret» frå Messias av Handel – som truleg blir med.

Sikkert er det i alle fall at ein i optimistisk «trass» avrundar julekonsertane i Todalen og Åsskard med «Deilig er jorden»!

Powered by Labrador CMS