ANNONSE:

Sabben har ønska velkomen mange museumsdagar - i år som før

Sesongslutt på museet

Bøfjorden Sjøbruksmuseum avrundar sommaren 2021 søndag - med soddmiddag, nostalgiske idrettsglimt og trekning av sesongutlodninga.

Plakat

Dagens Tema markerer 75-årsjubileet til Bøfjord Idrettslag - med tilbakeblikk på den eldste historia i klubben. Ein biletserie viser glimt av turløp, skirenn, barneidrett og trimaktiviteter. Mest plass får fotballen, som unekteleg var hovudsatsinga i mange år.

Ideen om eit Bøfjord Idrettslag vart lansert oppi Bytenga i 1946.
Det legendariske «Makkolaget» frå rundt 1950 heitte så fordi Bøfjord I.L. ikkje hadde råd til drakter! Framme frå venstre: Kåre Dønheim, Sverre Holm, Steinar Sæterøy. Midtrekka: Kåre Staknes, Johan Ansnes, Sverre Bøe. Bak: Ingvar Bøklepp, Aksel Bøe, Tore Sollid, Olav Jan Sættem, Odd Heggem.

Kanskje vil Sabb-motoren helse velkomen til gards med sine karakteristiske «fløff-fløff».

I alle fall vil kjøkenet syte for middag og kaffe heile dagen.

Trekninga av dei mange gevinstane i sommarens utlodning er sjølsagt ein hovudattraksjon.

Utlodninga har fått fine gevinstar til trekning.

Sjøbruksmuseet har hatt opne sommarsøndagar sia starten i 1995. Medrekna årets sesong, den 27. i rekka, er det såleis gjennomført vel 400 dagar med utstilling, temakåseri og ettermiddagskaffe. Til saman har langt over 20 000 besøkande vore innom.

Museet har hatt godt besøk i alle sine 27 sesongar.
Powered by Labrador CMS