ANNONSE, Sjøbruksmuseet:
Språket vårt – spøk og alvor
Det vi har felles, skaper gode samver. – Og kva er meir felles enn språket vårt? spør Bøfjorden Historielag. Søndag er artigstubbar og litt språkleg alvor Dagens Tema på Sjøbruksmuseet.
Uttrykksfull nordmørsdialekt skal boltre seg i dagleguttrykk, terrengnamn, gåter og regler. Lagets samling «Teft og tykkje» er ei rik kjelde. Like eins heftet «På eventyrvis».
Halvglømte ord og vendingar dukkar fram, også i moderne bord-quiz. Pussigheter frå media vil trimme lattemusklane. Og heilt fritt for «skolemesterlader» er heller ikkje programmet.
Lokale vers blir deklamert. Med Gunnar Moens bokstavleg strålande (!) «Lysprolog» frå 1951 markerer historielaget at det er 75 år sia strømmen kom til Bøfjorden.
Søstrene Astrid og Kirsten ståkar på kjøkenet, så kaffe med tilbehør blir å få kjøpt.