Eli & Oles Adventskalender

Svar Luke 21

Vålåskaret ved Resvatnet i Orkland, den første setergrenda som vart freda i Norge, i 1967. Setrene hører til gardar i Rindal.

Publisert Sist oppdatert

Vinnarar av premiar i Luke 21:

Gave: Halvor Bakke-lyslykt
Givar: Talgø MøreTre
Vinnar:
Margret Meland

Gave: Homeline Led-lampe
Givar: Coop Elektro Rindal
Vinnar: Jo Bjørnar Fiske

Gave: Spekefjøl av eik/furu, godkjent i kontakt med næringsmiddel
Givar: Bergmoen snekkerverksted
Vinnar:
Helen Holsæter

Jan Helge Ingstad skriver dette om Vålåskaret: I dag er bildet fra Vålåskaret ei setergrend i tidligere Meldal kommune, nå Orkland kommune. Den ble fredet i 1967 som Norges første fredede setergrend.

Gunnar Bureid sendte oss dette bildet med eigarforholda i setergrenda frå Harald Egil Folden (red.) si bok: "Trollheimen. 2. Østlige områder"

Meldal Historielag hadde mange år historiske spel der.

Sportklubben Troll arrangerte Trollheimsfestival med både fjelløp og fest.

96 personer deltok i konkurransen denne gangen.

Setergrenda Vålåskaret med Sigridfallet i bakgrunnen.

Du finn Vålåskaret ved foten av Resfjellet - Orklands høgste fjell med sine 1165 meter over havet. Eit besøk kan godt kombineres med en topptur, enten dit eller til det mindre nabofjellet Mjukinn.

Setergrenda Vålåskaret i 2017 med Sigridfallet i bakgrunnen. Sigridfallet kan du lese mer om i luke 6.

.

Dette bilde er frå Trollheimsfestivalen i 1977.

.

Midtsommaren 2015 er det kvigene som tek livet med ro i Vålaskaret. Dei gjer eit viktig arbeide med å ta vare på kulturlandskapet. Sjøl om Vålåskaret ligg i Orkland Kommune, er dette rindalskviger.

Trollheimsfestival i Vålåskaret

På 70- og 80-talet arrangerte Sportsklubben Troll Trollheimsfestivalen i Vålåskaret. Denne festivalen gav gode inntekter til klubben og var blant anna viktig for å drifte klubbhuset Trollheim, som vi tidlegare har omtalt i kalenderen og som var eit stort pengesluk for klubben.

Sidan Vålåskaret ligg i Meldal, var dei ikkje så begeistra for at rindalingane heldt festival her, sjøl om var rindalingar som eide dei fleste setereiendommane. Etter kvart vart vart festivalen flytta til treningsfeltet på Trollbanen ved Rindal Sentrum.

No er det "bærre" Trollheimsløpet som er att av festivalen med start og mål ved Trollbanen. Trollheimsløpet vart tidlegare ein del av programmet på søndag på Trollheimsfestivalen. I 2022 vart Trollheimsløpet arrangert for 51. gong, det første løpet gikk i 1972.

I følge rykta, var det skilegenda Edvin Landsem som var utkledd som Trollheimstrollet.
Program Trollheimsfestivalen 1981.

.

Kjell Stenbro vart historiens første Trollheimsmester i staurbæring.

.

Trollheimsfestival 1977
Ei av Sp.kl. Troll sine fotballspelarar, May Ansnes, prøver seg på staurbæring i 1983.

Seterdans i Vålåskaret på 40-talet

Eli har også funne bilde frå dans i Vålåskaret i albumet til si farmor Gjertrud Solvik. Truleg var det flest meldalingar som deltok på denne dansen, som nok var ei årleg samling på Tørhaugen i Vålåskaret.

Dans på Tørhaugen i Vålåskaret ca 1940.
Dans på Tørhaugen i Vålåskaret ca 1940.

Feststemt ungdom i Vålåskaret omkring 1940.

Gjertrud (Løkbakk) Rindalsholt g. Solvik sitt nr 2 fra høgre. Truleg er karen i midten bror henna, Arne (Løkbakk) Rindalsholt. Dei andre er ukjente, kanskje fra Meldal. Gjertrud jobba som taus på ein gard i Meldal og det er kanskje derfor vi ikkje finn fleire rindalingar på bilda. Kankje nokon av lesarane kjenner att nokon?

.

Setergrenda med Resvatnet i bakgrunnen

Her er det bevart ni lafted seterbygningar frå tidlig 1800-tall. Dei er plassert i rekketun, noko som var uvanleg i lokal seterdrift. Setringa vart avslutta i 1950-åra, men dei fleste seterstøggun er i dag bruka som fritidshus.

Frå setergrenda er det flott utsikt mot Resvatnet og Trollheimen i sør.

Vålåskaret mai 2018.
Vålåskaret ca 1040.
Vålåskaret november 2017.

Oversiktsbilder frå Sigridfallet

Utsikt mot Rindalen og Helgetunmarka september 2018
Vålåskaret september 2018

.

Skarheim

Menighetshytta Skarheim som Rindal og Meldal hadde i lag i mange år fram til 2015 No er den i privat eige.
Skarheim var bruka både til konfirmasjonsleirar, leirskole og andre samlingar.

.

Tre på eitt par ski krev samarbeid!

.

Powered by Labrador CMS