Leserbrev frå «Surnadølen»

Leserbrev skrive av «Jente» 1901 i bladet Surnadølen.

Leserbrev skrive av «Jente» 1901 i bladet Surnadølen.

«Løgnaktige forlovelser og grufulle ekteskaper»

For 100 år sidan var det ikkje enkelt å finne seg ein kjærast, gamle tanter og brevtjuvar gjorde det vanskeleg for to unge å bli kjend med kvarandre. Dette kunne få katastrofale følger, meinte ei jente som skreiv eit lesarbrev til bladet Surnadølen i 1901.

Publisert Sist oppdatert

Nokre av dei 100 år gamle lesarbreva eg las på Åsenmuseet på tidleg 2000-talet, har sett spor i meg. Dette er eit av dei. Da eg las det fyrste gongen kjente eg kor engasjert eg vart i det «Jente» skreiv. Eg vart opprørt over korleis samfunnet var, og forstod ikkje korleis ungdomane kunne halde ut.

«Hvorfor gjøre livet så fattig når det kunde være så rikt?», skriv ho oppgitt. Hadde eg hatt ho attmed meg ville eg gjeve ho ein «high five».

Sladder

Det er merkelig, hvor travelt folk får det, når det gjelder om, at rote opp i fine menneskers kommodeskuffer. Især er det ungdommen, der skal angripes. Har en gutt og jente spaseret eller været sammen noen ganger, setter de både himmel og jord i bevegelse for at få vishet om «de er forlovet», om der skal bli bryllup snart, eller om foreldrene vil de skal vente et år enda o.s.v.

De skyr ikke noen midler, der kan lede dem litt på spor i en sådan viktig sak. For simpelthen brev, som er frankert og sendt i posten, bryder dem og skriver svar for at ikke tyveriet skal bli oppdaget. Det er langfra hyggeligt at vite at ens breve sirkulerer blant sladderkjefter og det er lite hyggelig også at levere brev på posthuset, når man har greie beviser på, at 3-4 av ens brev på en måneds tid er sporløst forsvundet, og erstattet med anonyme. Sligt er det, som nærer ungdommens hemmelighetskremmeri og natlige stevnemøter.

Thi når man er ung, full av tanker og interesser, føler man en brennende trang til at utveksle disse med noen. Har man så fundet en, som fult ut forstår en og sympatiserer med en hungrer man så sårt etter at tale med dette menneske rett lenge og inderlig om mangt og meget. Men her er det, livet viser seg mest ubarmhjertig. En gut og en jente kan ikke besøke hverandre, dele interesser sammen; thi de får simelthen ikke lov til at omgåes med hinannen som fortrolige venner. Folk vil tvinge dem inn i forlovelse eller stemple deres forhold som upassende. Hvorfor gjøre livet så fattig når det kunde være så rikt? Og hvorledes kan det være mulig at lære at kjenne hverandre så grundig, at man vover at knytte sitt liv så nær et annet menneske som i et ekteskap, når man ikke uhindret kan få lov til at tale og korrespondere sammen?

Er ikke sladderen mang en gang årsak i de mange løgnaktige forlovelser og grufulle ekteskaper? Gid ungdommen fikk mot til at trosse dette påfunn, som folk kalder upassende, og gid de kunde lære at forstå, hvor langt mere upassende det er i dette hemmelighetskremmeri og skulte stevnemøter. Kanskje dette også kunne være et godt middel for å få sladderkjeftene bragt til taushet.

Jente

«Lykkeleg grotid i bygda»

Rundt århundreskiftet, mellom 1800- og 1900-talet, var store politiske og sosiale endringar i emning. I Surnadal og Rindal blomstra kulturlivet. Det vart stifta lag og foreiningar, kor og idrettslag. «Jau, det var ei stor og lykkeleg grotid i bygda», skriv Hans Hyldbakk i boka «Bygdesoge for Surnadal».

I 1895 vart Surnadal frisindede ungdomsforening skipa. I dei «frisindede» ungdomslaga i Noreg vart politiske spørsmål diskutert, kanskje meir fritt enn før. Det vart også helde foredrag og arrangert teaterframsyningar.

Martha Georgine Brandt (Gine) var aktiv i Surendals frisindede ungdomsforrening. Bildet er frå Brandtgarden på Øye der Gine budde med mor si. Frå venstre: Maret Ågesen. Marta Georgine Brandt, Anna Magdalene Brandt, f. Broch. I fylkesfotoarkivet står det at Gine var første formann i Surnadals frisindede ungdomsforening skipa i 1901, Hans Hyldbakk skriv at foreininga vart skipa i 1895, så her er kjeldene ueining.
Martha Georgine Brandt (Gine) var aktiv i Surendals frisindede ungdomsforrening. Bildet er frå Brandtgarden på Øye der Gine budde med mor si. Frå venstre: Maret Ågesen. Marta Georgine Brandt, Anna Magdalene Brandt, f. Broch. I fylkesfotoarkivet står det at Gine var første formann i Surnadals frisindede ungdomsforening skipa i 1901, Hans Hyldbakk skriv at foreininga vart skipa i 1895, så her er kjeldene ueining.

Hans Hyldbakk skriv at Surnadal frisindede forening hadde ein stor tilhengerskare, og både menn og kvinner var drivkrefter i laget. Det var nye og radikale spørsmål som vart diskutert, som sikkert både provoserte og sette tankar i sving i bygda. Ein kan tenkje seg at kvinna si rolle i samfunnet vart diskutert. Eit tema som var dagsaktuelt på den tida. Skal kvinner få stemmerett? Kva rettar skal kvinner ha til arbeid og utdanning?

Brit E. Mogstad frå Leikaren var ein av kjeldene til Hans Hyldbakk. Da Hans besøkte henne på gamalheimen fortalde ho, «med lykkeleg glans i augo», at ho såg ein «heil kjerkjealmuge etter vegane», etter møta i Surnadal frisindende ungdomsforrening.

Eg ser for meg at det kunne vera spanande møter, med mange nye og banebrytande tankar. Kanskje var det etter eit slikt møte at «Jente» fekk inspirasjon og mot til å skrive eit lesarbrev?

Om 100 år

«Jente» skildrar ein kvardag prega av negativ sosial kontroll og mangel på privatliv. Desse sosiale normene vart, til ein viss grad, endra i takt med at kvinnene fekk ei meir likestilt rolle i samfunnet utover 1900-talet.

Kan vi kjenne oss igjen i problema hennar i dagens Surnadal og Rindal? Sladder og nysgjerrige folk har vi i dag òg , og sosiale medium har gjort mange brev allmenne, men lukka brev i posten blir nok sjeldan opna.

Dei aller fleste menneske får i dag møtast fritt, snakke og bli kjent utan at gamle tanter står og lurer på når dei skal gifte seg. Likevel har vi negativ sosial kontroll i dag også, som vi ikkje tenkjer over. Dei er ofte så gjennomsyra i samfunnet og tankemønstera vår, at vi ikkje tenkjer så mykje over dei.

Måten vi lever saman på, og kva som blir sett på som rett og gale, endrar seg heile tida. Eg lurar ofte på kva folk om 100 år vil tenkje om korleis vi lever i dag. Ein ting er sikkert, dei kjem til å seie: «Tenk at det var slik!»

Kjelder:

Bygdesoge for Surnadal bind 2, Hans Hyldbakk
Fylkesfotoarkivet

Powered by Labrador CMS