«Look to Todalen»:
Kyrkja - brukshuset ditt!
Treng vi kyrkjer i bygdene? Eller er gudstenesbesøket så slapt at dei som vil stenge og sentralisere, har rett?
Osloavisa «Vårt Land» gjengir sterke framstøt for færre gudstenester og nedlegging av kyrkjer der få møter opp.
Trass i namnet representerer nok ikkje denne avisa heile vårt land. Men har også lokale kyrkjefolk og politikarar likevel eit poeng når dei vil endre kyrkjestrukturen ut frå dårleg frammøte?
Risikosport
Heldigvis har ikkje tal-magien all makt i himmel og på jord. Eigarkjensla og dugnadsviljen står sterkare enn som så - kanskje mest i dei små kyrkjesokna. Nedlegging i den tru at sentralisering vil skape sterke kyrkjelydar, kan vera risikosport utan forventa gevinst og kan nok ende med lang nase.
Dugnadsånd i småsokna
Prosentvis oppslutning om kyrkja, f eks ved dugnad og aksjonar, er ofte svakast der det bur mange. Samanlikna med f eks Todalen slit sentrum med å samle folk til våronn på kyrkjegarden. Og – utan å legge for mykje i enkeltresultat: I år samla lille Åsskard meir til Kirkens Nødhjelp enn heile Øye og Ranes.
Akutt behov
Men småsokna skal vakte seg for å hovere! Enkelthendingar må aldri bli soveputer! Tomme kyrkjebenker er sørgeleg. Det kan vi i små sokn som Åsskard, Mo eller Todalen ikkje leva med!
Difor føler eg som gammel kyrkjebrukar akutt behov for å framheve dei gode opplevinga vi får i kyrkja - på gudstenester, handlingar og kulturtiltak: Når store og ikkje minst dei små utfaldar seg i tonar, ord og handling. Når bøna samlar oss og det gode ordet lyder, når salmeboka får spreie livsvisdomen sin og når musikken blir ei kjelde til oppleving.
Vil vise at kyrkja trengst
«Look to Todalen» skreiv eg i saklista til eit soknerådsmøte nyleg. Kva skjer der? Jau – ganske enkelt at folk innser at ein må bruke kyrkja og dermed vise at ho trengst! Kvinne og mann imellom, på bua og i kaffekroken har dette vorte tema. Og: Frammøtet til gudstenesta har teke seg kraftig opp. Folk ringer organist eller prest og spør kva salmar vi skal synge søndag! Og om bygda er lita – eller nettopp difor?: Koristar møter stadig og styrkjer songen – som forresten alltid har vore god i Todalskyrkja.
Frimod til oppgåver
Kanskje kan vi meir frimodig «byggje menighet», så enkelt som å gi oppgåver til dei som ønskjer det i gudstenester og andre samanhengar? Dei svarar nemleg oftast ja. Som konfirmanten i ei av desse små kyrkjene: - Eg les gjerne ein av bibeltekstene i dag og deler ut nattverd viss det trengst!
Vi er alle lokale kyrkjeeigarar. Og kyrkja er eit fleirbrukshus som vi ikkje vil miste!
Bernt G. Bøe