Maja Frønes og Erling Myrbostad, ein kunnskapsrik duo.

«Gud, fri oss fra en ungdom vi nu har»

I 1900 var visst gutane i dalføret vårt nokre «brushoder». Ungdomsgalskapen var ikkje til å halde ut. Det var mykje bedre før, meinte dei. Ein lokal skribent hadde råd til den eldre slekt, og skreiv eit lesarbrev til bladet «Surnadølen».

Publisert Sist oppdatert

Tidleg på 2000-talet hadde eg sommarjobb på Åsenmuseet i Surnadal. Det var ei triveleg tid. Marit Jorid Brennskag var avdelingsleiar på museet den tida, og av henne lærte eg mykje. Tida var lærerik, og ikkje minst artig.

Bladet «Surnadølen»

På Åsen er det ei samling med gamle aviser og blad, blant anna bladet Surnadølen. Første nummeret av Surnadølen kom ut 21. april 1899, og siste nummeret, som var nummer 38, kom ut 22. september 1903.

Hans Hyldbakk skriv i Bygdesoge for Surnadal: «Spaltene skulle stå opne for alt som var edelt og sundt, stod det i programmet, men først og fremst for referat frå heradstyre og skulestyre og ellers alt av lokalt slag, som folk ikkje ville gå til dei store avisene med.»

Hadde vi ha ei ledig stund på museet, brukte vi å sjå i desse blada. Det tok ei stund før eg forstod dei gotiske bokstavane i frakturstil, men med ein gong eg vart vant med skrifta gjekk det fort å lesa.

Det artigaste var å lese lesarbreva som hadde vorte sendt inn. Dei la ikkje noko mellom, og henge ut folk var ikkje uvanleg. Dei anonymiserte kven dei klaga på, men eg trur ikkje det var mange som ikkje forstod kven det var.

Vi tenkjer gjerne at folk oppførte seg betre før, men om ein les i «Surnadølen», kan ein berre vera glad at internett og kommentarfelt ikkje var oppfunne i 1900.

Ein ting kan ein lære av å sjå i gamle tekster, vi menneska har dei same problema no som for 100 år sidan, og vi tykkjer at alt var betre før.

Lokalhistorie

Eg tenkte at eg ville tilbake til Åsenmuseet og sjå i blada. Erling Myrbostad og dagens avdelingsleiar Maja Frønes, sa ja til å hjelpe meg å finne artig stoff til ei sak i Trollheimsporten.

Duoen eg hadde med meg er menneske med mykje kunnskap om lokalhistorie. Mange av sakene det var skrivne om i Surnadadølen, kan dei fortelje bakgrunnshistoria til. Det er Amerikabrev, møtereferat og diskusjonar om badstuer og om fattigstyret.

Kaffeprat om lokalhistorie: Vi tok oss tid til ein kaffekopp mellom lesinga av gamle blad og aviser. Det er veldig interssant og artig å høyre på Erling og Maja, dei har mykje kunnskap om lokalhistorie.

Ungdom og ungdomsgalskap

Men, så var det desse lesarbreva. Vi fann mange artige og ganske krasse lesarbrev. Eit anonymt eit, som vart publisert 10. juli 1900, handlar om ungdom. Desse ufordragelege ungdommane som berre gjer farsk.

«Kva skal ein gjera med all denne virketrang ungdommen har? » er spørsmålet som blir stilt. Svaret skribenten kjem med er ikkje så dumt, og løysinga passar like godt den dag i dag som for 122 år sidan. Ganske prektig å tenkje på!

Lidt juling: Her er byrjinga av leserbrevet, slik det ser ut i bladet Surnadølen. Eg tok meg fridommen til å oversette nokre av orda til eit meir moderne norsk.

«Ungdom og ungdomsgalskap

Ungdomstiden utmerker seg ved sin store virketrang. Rike, friske krefter gjærer i dypet av hver sunn og kraftig ungdom. Disse krefter må nødvendigvis slå ut i handlinger; disse handlinger kan undertiden være gode; men som oftest blir de, hva man kaller ungdomsgalskap.

Vi vil derfor her stille et spørsmål: Hvorledes bør den eldre slekt stille seg til ungdommens rike virketrang?

En del praktiske folk sier, at de unge gutter bør ha bank hvor og når en treffer dem; thi har de ikke nettopp gjort galt, så tenker de på at gjøre det første anledning gives; derfor bør de helst ha litt «juling» i forveien.

De alvorlige pietister tar det derimot på en ganske annen måte. De kryper nesten engstelige inn i sin stue holder samlinger med bønn og sang for alt og alle, legger hendene i kjødet eller folder dem over sitt bekymrende hjerte og utbryter «Gud, fri oss fra en ungdom vi nu har; nei da var ungdommen før langt bedre; det er visst i verdens siste ende nu!». Og så følger et langt, tungt sukk, men ingen handling.

Vår mening er, at man kommer ingen vei med bare å «jule»; thi man kan ikke banke virkelysten ut av de unge brushoder; heller ikke gavner man ungdommen stort ved at folde hendene og sukke – bare sukke.

Nei, den eldre slekt bør samle de unge, og la de bruke all sin ungdoms friske kraft for å komme opp og frem mot idealet!

De eldre han ikke alltid rett til at påstå, at ungdomsgalskaperne bestandig er utslag av ondskap; de mest gale streker er rett ofte kun forfeilede utslag av en rik virketrang; derfor ser vi også ofte, at de mest begavende stundom begår de verste streker.

Og selv ansikt til ansikt med galskaperne bør de eldre og mere erfarne vokte seg for overdrevne dommer; de kan heller gjemme fine rettferdige, hårde dommer og forsøke at trede støttende hen til de unge med råd og hjelp. Det arbeide, tror vi, lønner seg godt; thi en ungdomsslekt, der er i befindelse av morals kraft, er nasjonens største lykke. Og når man arbeider for de unge, arbeider man for fremtiden; thi ungdommen er jo fremtidens håp! »

Var ikkje det godt sagt?

Det kjem fleire saker i Trollheimsporten om avisa Surnadøl.

Kjelder: Bygdesoge for Surnadal 2, Hans Hyldbakk

Powered by Labrador CMS