Presseskriv frå Vårsøghelga:

Lansering av Henning Sommerro si soloplate «Litt tå me»

Digitalisert utgåve av Henning Sommerro si soloplate «Litt tå me» lanserast under Vårsøghelga.

Henning si første soloplate "Litt tå me" kom ut i 1981 etter suksessen med Vårsøg. Plateselskapet Artic Records gjekk konkurs like etter plata vart utgjevne, og det har ført til at den er lite tilgjengeleg. Den finnes på kassett og vinyl.

"Litt tå me" vart spelt inn i Nidaros Studio med lydguru Jan Erik Kongshaug og Roger Valstad bak spakane. Med seg i studioet hadde Henning eit stjernegalleri av musikarar med bl.a Gunnar Andreas Berg, Helge og Jarle Førde og Stein Erik Tafjord.

Øra Fonogram har i forbindelse med Henning sin 70-årsdag og Vårsøghelga gått i gang med digitalisering av "Litt tå me, slik at den blir å finne på strømmetjenestar på nettet. I tillegg blir det trykt opp nokre få CD-platar som blir å få kjøpt under Vårsøghelga.

På konserten på Surnadal billag fredag 27. mai kl 21.00, vil Henning saman med Jostein Ansnes, Jo Ranheim og husbandet framføre låtar frå "Litt tå me».

Powered by Labrador CMS