– Berre spør meg om det er noko de lurar på, seier Eirik Betten. Han er lei av alle rykta som svirrar rundt i bygda.

–Kva må eg gjera for å bli godkjent?

Eirik Betten (21) er lei av alle rykta som svirrar rundt i bygda. Han meiner at det er spesielt foreldregenerasjonen som fer med løgn og ikkje gjev han ein ny sjanse. – Spør meg om det er noko de lurar på, seier han.

Publisert Sist oppdatert

– Kor skal eg begynne?, seier Eirik og smiler forsiktig.

Vi sit i Aktivitetshuset på Sommarrotunet. Eirik har vore rusfri eit år no. Her får han tett oppfølging av Linda Øye, som jobbar med ettervern og oppfølging av menneske som slit, eller har slite, med rus og/eller psykisk helse.

Eirik seier at han er litt nervøs, det er ikkje berre berre å stå fram i media med historia si, men han er lei av korleis nokre folk behandlar han. Nok er nok.

"Han Bætten"

Barneskulen var ikkje enkel. Eirik følte seg aldri heilt inkludert.

– Det var mykje mobbing, fortel Eirik. "Han Bætten" vart det sagt på ein slesk og hånleg måte. "Han Bætten må de passe dykk for".

Han hadde nokre få venner, men følte at folk tok avstand frå han på grunn av namnet hans. Det var ilt åt ein liten gut.

Han fekk diagnosen ADHD og på ungdomsskulen fekk han det betre.

– På ungdomskulen hadde eg eit godt støtteapparat rundt meg, seier Eirik. På vidaregåande vart det verre. Eg var skulelei og hadde det ikkje bra, i hovudet var det eit tankekjør. Da eg var 16 begynte eg å røyke hasj, det var ei flukt frå kvardagen, men til slutt var ikkje denne rusen nok til å stanse alle tankane og kjenslene som sleit og reiv i kroppen.

Mista bror sin

Hausten 2020 skjedde det utenkjelege. Bonusbroren til Eirik, Jonas, tok livet sitt.

– Eg flykta frå meg sjølv, det er mange månader eg ikkje hugsar, fortel Eirik.

Rusinga eskalerte, sjokket og sorga kjentest umogleg å bera. Eirik begynte med sjølvskading.

I eit år gjekk Eirik rundt som i si eiga boble. Han ville ikkje ta imot hjelp fra nokon, han ville heller ikkje bekymre eller såre nokon. Han isolerte seg på soverommet sitt i huset til søstera. Det vart lite mat, mykje angst.

Telefonsamtalen

Ein dag klarte ikkje Eirik meir. Han var redd seg sjølv. Eit år etter at Jonas hadde teke livet sitt ringte Eirik Linda.

– Eg sat i eit anna møte, fortel Linda, men eg forstod at dette var alvor. Når rusavhengige spør om hjelp må dei få hjelpa med ein gong. Eg fekk med meg Eirik på legekontoret og der sat vi på parkeringsplassen til vi fekk komme inn, smiler ho.

Eirik fekk plass på Molde behandlingssenter, som har ei terapeutisk behandlingsform. Pasientane har ein kvardag som prøver å etterlikne dagen deira heime mest mogleg. Dei lagar maten sin sjølv og vaskar romma sine. Dei øver på "small talk" ute blant folk, går på turar og tek alle nødvendige telefonsamtalar sjølve. Den første tida var tøff og skummel, men litt etter litt vart livet og dagane lettare å leve.

–Har du kanskje ei oppfordring til dei som slit med rus, Eirik, seier Linda.

– Ja, de må søkje hjelp, seier Eirik, det er hjelp å få, sjølv om dykk kanskje ikkje trur det!

Rykter på bygda

I eit år har Eirik vore rusfri. Ingen tilbakefall. Han testar seg ein gong i veka, så han har bevis på at han er rein.

Han føler likevel at han ikkje er bra nok for bygda, spesielt foreldregenerasjonen. Om nokon har gjort noko ulovleg i Surnadal får han høyre at folk seier: "Det er sikkert han Bætten".

– Mobbinga berre fortsett. Kva må eg gjera for å bli godkjent? Eg kan forstå at somme kan vera skeptiske på grunn av fortida mi, men kan dei ikkje berre spørje meg i staden. Eg toler å få spørsmål, eg, seier Eirik og smiler.

–Eg har mykje gode menneske rundt meg, seier Eirik. Her saman med eit av dei, Linda Øye.

- Skulle hatt ein klapp på skuldra

Linda sitt og høyrer på kva Eirik fortel.

– Det står stor respekt av kva Eirik har fått til dei siste åra, seier ho. Er det nokon som fortener ein klapp på skuldra så er det han. I dag feirar bygda Pride og viser at alle skal bli inkludert og godtekne, men dette gjeld visst ikkje for dei som slit eller har slite med rus. Det forundrar meg, seier Linda. Alle må få ein ny sjanse, også slike som Eirik.

Blir kvalm ved tanken på rus

Når Eirik blir spurt om han nokon gong har eit russug, kjem eit kontant nei.

– Det er ei tid eg har lagt bak meg, tanken på rus gjer meg kvalm, seier han. Eg har jobba så hardt for å komme meg ut av livet med rus, eg klarar ikkje tanken på å hamne dit igjen.

Eirik er som ungdommar flest, han har lyst på førarkort, han likar å vera saman med kompisar og han tek seg av og til ein fest.

– Sjølv om eg er på fest betyr ikkje det at eg rusar meg, seier han og ler. Eg er berre ein vanleg ungdom.

Han har veldig lyst på ein jobb, noko nyttig å fylle dagane med. Hol i CV-en er det, men han håpar at nokon vil gi han en sjans.

– Eg har jobba hardt for å komme dit eg er i dag, seier Eirik.

–No er no!

Eirik har eit fast blikk og er engasjert når han fortel.

–Eg er berre 21 år, seier han. Eg har innrømt feila mine og vil vidare i livet. Folk må slutte å dømme meg. No er no, før var før!

Powered by Labrador CMS