Skal køyre lange stålbjelkar opp Surnadalen
Måndag 2. mai frå kl. 19 må trafikantane som skal køyre fv. 65 mellom hamna i Surnadal og Folla bru rekne med å bruke meir tid enn normalt. Grunnen er at stålbjelkane til nybrua kjem med båt og skal køyrast opp fv. 65 i Surnadalen.
Dei to bjelkane på 22 og 27 meter er 5,5 meter breie og har ei vekt på 30 og 40 tonn. Stålbjelkane blir transportert med politieskorte og følgjebilar. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Vis merksemd
På grunn av høg vekt og lange transportar, er det strenge restriksjonar for transporten. Politiet vil halde kontroll på trafikken og stenge etappevis. Personbilar kan køyre Nordsida. Tunge køyretøy på veg ned dalen blir stoppa nord for Follabrua når transporten er undervegs, sidan det ikkje er plass til å møtast. I Surnadal må tyngre køyretøy ta ein kort stopp før dei kan følgje etter brutransporten nordover.
– Det er svært viktig at alle trafikantar er ekstra merksame denne kvelden og er førebudd på at køyreturen tek litt lengre tid, seier byggeleiar for Follabrua i Møre og Romsdal fylkeskommune, Morten Ugelstad.
Låg fart
Transporten vil halde lågare fart enn normal trafikk. Fleire trafikkskilt i kryss og svingar blir demontert, slik at det blir nok plass til køyretøya. For å sikre tryggleiken blir skilta blir montert opp igjen så snart transporten er passert.
Transporten startar i hamna i Surnadal kl. 19 og køyrer Industrivegen, fv. 6152 Syltørvegen/Hamnesvegen og fv. 65 nordover til Follabrua.
Opning i haust
Dei nye landkara og midtsøyla på brua er støypt ferdig. Når stålbjelkane er framme, blir dei heist rett på plass over elva. Bygginga av brua fortsett med forskaling, armering og støyping av betongdekke. Når det er gjort, blir det lagt membran som skal isolere mot fukt, før asfaltering og montering av rekkverk og anna sluttarbeid. Den nye brua blir etter planen opna for trafikk i haust.