Pressemelding:

Ferje og biler i kø
Kvanne ferjekai

Må framleis nytte mindre ferje i sambandet Kvanne–Rykkjem

Etter planen skulle det frå 20. desember bli sett inn igjen større ferje i sambandet Kvanne–Rykkjem, men perioden med mindre ferje blir forlenga.

Årsaka er store utfordingar med boring av rør som må på plass på Kvanne ferjekai, og dette gjer at arbeidet har tatt lengre tid enn planlagd. Tilleggskaia er førebels ikkje klar til å ta imot ei større og tyngre ferje. Det blir derfor MF Driva som skal gå i sambandet fram til arbeidet med boring er ferdig i løpet av januar.

Dette gjer også at det i same periode vil vere MF Sykkylvsfjord som går i sambandet Arasvika–Hennset.

Mykje ver og vind

Byggeleiaren for ferjekaiprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Oskar Einarsson, fortel at det no jobbast for at tilleggskaia skal vere klar for ei større ferje i løpet av januar.

– Vi ønsker sjølvsagt at kaia skal bli klar så snart som mogleg, men vi er inne i ein periode av året der det kan vere mykje ver og vind, og dette kan påverke byggearbeidet. Det er ikkje alle arbeidsoperasjonar som kan utførast når det er mykje vind og sjø, seier han.

Rutetabell Arasvika–Hennset

Rådgivar for drift i FRAM i fylkeskommunen, Atle Ræstad, opplyser at sidan perioden med mindre ferje i sambandet Kvanne–Rykkjem no blir forlenga, vil dette også påverke sambandet Arasvika–Hennset.

– Rutetabellen for Arasvika–Hennset som skulle vare fram til 20. desember, vil no gjelde fram til 23. desember. Deretter blir det julerute frå og med 24. desember til og med 1. januar. Frå og med 2. januar vil det igjen vere den førebelse ruteplanen som gjeld ut januar, eller så lenge det går føre seg borearbeid på Kvanne.

Rutetabell Kvanne–Rykkjem

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune sendte tidlegare i desember ut informasjon om rutetabell for Kvanne–Rykkjem. Denne rutetabellen skulle gjelde ut byggeperioden, til våren 2024, men arbeidsoperasjonane som må gjerast i januar krev at det må settast opp ein ny ruteplan for denne perioden.

– Trafikantane finn alle oppdaterte rutetabellar i FRAM-appen eller i reiseplanleggaren på nettsidene til FRAM, seier Ræstad.

Både ferjekaiprosjektet og FRAM oppfordrar framleis vogntog til å velje alternative vegar fram til det blir sett inn større ferje igjen på Kvanne–Rykkjem.

– Ordninga med trafikkvakt på Rykkjem ferjekai vil også fortsette, slik at oppstilling og trafikk skal gå så smidig som mogleg, opplyser byggeleiar Einarsson.

Busslinje 902

Som FRAM tidlegare har meldt, er det endringar for busslinje 902 FRAM Ekspress Surnadal–Molde på grunn av ferjetidene. Desse endringane vil gjelde så lenge rutetabellen for Kvanne–Rykkjem er gjeldande:

  • Avgangen frå Surnadal kl. 22.10 blir innstilt.
  • Avgangen frå Molde kl. 21.00 blir utsett til kl. 21.10. Endestopp for denne avgangen blir på Sunndalsøra. Avgangen frå Sunndalsøra kl. 22.35 blir innstilt.
Arbeid ved kaja
Arbeid på Kvanne ferjekai
Powered by Labrador CMS