Vegetasjonsrydding.

Bygging av gangveg startar for fullt over påske

Etter påske startar bygginga av ny gangveg mellom Vindøla og Røv i Surnadal for fullt. Førebuingane er allereie i gang, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding torsdag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har skrive kontrakt med Solberg Maskin AS på bygginga. Brakkene er på plass ved Røv mølle og denne veka starta dei vegetasjonsrydding ved Vindøla bru. Veka etter påske kjem arbeidet i gang for fullt og vegen blir lysregulert, i første omgang fram til sommarferien.

- Det blir arbeid både ved Røv bru og på Vindøla i april. Det vil i hovudsak vere fjerning av massar og klargjering for sprengingsarbeid, fortel byggeleiar Andreas Bergby i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Montering av brakker.

Ventetid

I mai startar entreprenøren med sprenging. Da vil omsyn til tryggleik og behovet for å rydde vegen etter sprenging gjere at det blir inntil 15 minutt ventetid.

- Det er viktig å vere klar over for dei som til dømes skal rekke ei ferje. Vi skal strekkje oss for å ikkje hindre bussar i rute, men trafikantane må rekne med 15 minutt ekstra køyretid frå mai, seier byggeleiaren.

Ferdig sommaren 2023

Før fellesferien i år vil det bli jobba med å utbetre kurva ved Røv bru og bygge gangveg/fortau del for del aust for Vindøla bru. Fram til jul er planen å bygge gangveg/fortau på Røv og ny gang- og sykkelvegbru over Vindøla. Bygginga av gang- og sykkelveg aust og vest for Vindøla er siste etappe av prosjektet, som etter planen skal stå ferdig sommaren 2023.

Vegetasjonsrydding.

Den nye gang- og sykkelvegen blir 900 meter lang, og det blir 500 meter med fortau. Det skal byggast ei gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla, og trafikantane ved Røvbrua vil få betre sikt. Det blir fire busslommer og veglys på heile strekningen.

Powered by Labrador CMS