ØSIL melder:

Trimbøkene er innsamla, premieringa er klar

ØSIL sine trimbøker for 2020/2021 er no henta inn og summert. Dei som har flest turar til dei ulike trimturane får premie. Det er også trekt ein ekstra gevinst pr. bok/trimtur.

Nytt for året, året 2021/2022: Vi vil premiere alle som er innom alle dei 12 trimturane i løpet av året (mai 2021-mai 2022). For å få premie må du ta bilete av posten når du er der og sende dei til 41469061, eller legge ut bileta på ØSIL si facebooksgruppe.

ØSIL - trimgruppa