En mann kledd i sort snakker i en mikrofon utendørs og bak står to prester
- Ei ære å få opne dette flotte anlegget, sa ordførar Hugo Pedersen. Prestane Brøske og Rygh leia sjølve vigslinga etterpå.

Åsskardvågen gravsted vigsla

Publisert

Det var høgtid i Åsskard-grenda da det nye gravstedet vart vigsla fredag. Trass i kald austavind var det mykje som varma denne dagen.

Mange mennesker står godt kledd i vinden
Interessant omvisning – trass i sur vind.

Surnadals-ordførar Hugo Pedersen foretok den offisielle opninga og sa det var ei ære å få denne oppgåva.
Sjølve vigslinga følgde ein kort og høgtideleg liturgi – leia av prost Vidar Wilhelmsen Rygh med assitanse av fungerande sokneprest Torbjørn Brøske. Stunda vart opna og avslutta med salmesong. 

«Landets vakraste!» 

Leiar av Surnadal kyrkjelege fellesråd dei siste åra, Rannveig Brøske, orienterte om framdrifta av prosjektet. – Behovet for meir gravareal har vore stort i over 20 år, sa ho. – Ei mindre utviding attmed kyrkja i 2004 var utilstrekkeleg. Planlegginga av det som no er «Åsskardvågen gravsted» starta i 2018, føydde ho til. 

En kvinne snakker i en mikrofon ute på gresset med to prester bak seg og mennesker som står på en grusveg og hører på
Avtroppande fellesrådsleiar Rannveig Brøske orienterte om ein lang og grundig prosess fram til godt resultat.

Trass i mykje skepsis i starten, mest på grunn av eit vanskeleg område med mykje berg, godkjente fellesrådet planene i 2020. Ein plankomite tok fatt, og Vatn Maskinstasjon fekk oppdraget med å omforme terrenget vest for Gammelkyrkjegarden (frå 1898) til gravsted.

- Arbeidet starta for alvor sommaren 2022, og gravstedet vi står på i dag, er landets vakraste! sa Rannveig Brøske.Ho understreka fleire gonger den positive innstillinga og den økonomiske stønaden som Surnadal kommune har stått for. 

Frå skepsis til tru 

Saman med Olav Rønning og andre frå kommunen, soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen, fellesrådet ved Rannveig Brøske, entreprenøren og ulike spesialfirma har kyrkjetenar Oddvar Væge utrøtteleg arbeidd prosjektet framover. – Må tilstå at eg var skeptisk da eg såg landskapet før vi starta, men likevel har eg hatt trua frå dag ein etter at prosjektet var vedteke, sa han. Oddvar leia dei frammøtte i ei interessant vandring i det nyskapte området. 

En mann snakker for en forsamling med en skjerm bak seg med et bilde av to som arbeider
Inne i kyrkja hadde Oddvar Væge biletforedrag om arbeidet.

Åsskardvågen gravsted har plass til 145 kistegraver, 140 urnegraver og får ein minnelund med plass til 115 namneskilt. 

Namnet 

At namnet er «Åsskardvågen gravsted», byggjer på fleire faktorar. Soknerådet vart bedne om å grunngi namnevalget.

Dei påpeikar først at fordi bruken er uavhengig av kyrkjeleg tilknyting, kan det ikkje heite «kyrkjegard». Bokmålsforma «gravsted» er bestemt ut frå folks daglegtale, sjøl om lokalkyrkja elles brukar nynorsk.

«Vågen» på Åsskard ligg like ved gravstedet. For at namnet skal vise lokaliseringa også for folk som bur langt unna, er namnet på grenda og kyrkja («Åsskard») teke med. Åsskardvågen gravsted er såleis ein presis namnsetting, som ved vigslinga vart gjeldande.

Samling i kyrkja 

I kyrkja viste så prosjektleiar Oddvar Væge ein biletserie der prosessen så å seie «frå urskog til landets vakraste» kom tydeleg fram.

Kommunens første tilsette kyrkjeverje, Nils Magnar Torvik, sette dagen i tidsperspektiv. Han såg også vår verdige gravferdstradisjon i kontrast til krigens gru i Gaza, der tusenar dør i bomberiunar. 

En mann snakker i en mikrofon inne i en kirke
Kyrkjeverjeveteran Nils Magnar Torvik sette prosjektet og resultatet inn i stort og reflektert perspektiv.

Vatn Maskinstasjon har med rette fått stor ros for velgjort arbeid. Frå firmaet gav Yngve Osnes blomster og takk til oppdragsgjevaren – ved Oddvar Væge. 

To menn ved siden av hverandre inne i en kirke og han til venstre har fått blomster
Oddvar Væge mottok blomster frå Yngve Osnes (Vatn Maskinstasjon) som takk for godt samarbeid.

«Ein stor og vellykka dag!» 

Eva Jorid Svendsen, Jane Svensli og Kari Aarnes i Åsskard sokneråd sørga for middag og kaffe til dagens aktørar og publikum.

Eit særleg hyggeleg programinnslag var det da Surnadals nytilsette kyrkjeverje Tor Rune Halset helsa forsamlinga med både jordnære og visjonære tankar om samarbeidet med kyrkjelydane i tida som kjem. 

En mann og en kvinne i kirka
Nytilsett kyrkjeverje Tor Rune Halset saman med Lene Wilhelmsen, som har vore konstituert i stillinga dei to siste åra.

Soknerådsleiar Eva Jorid hadde nok alle med seg da ho – nesten som i ein skulestil frå gamle dagar oppsummerte vigslingshøgtida: - Dette var ein stor og vellykka dag! 

Eldre mennesker sitter rundt et bord og spiser mat
Triveleg bordsete i kyrkjestua – med middag og meir til. Rundt bordet frå venstre: Inger Garthe, Ingrid Lillegård Bævre, Maret Heggset, Rannveig Brøske, Alfhild Aasgård og Torbjørn Brøske.

 

 

 

Powered by Labrador CMS