Surnadal næringsforening:

Styreleder i Surnadal næringsforening, Britt Brauten

-Nyttig dialog

Onsdag inviterte Surnadal næringsforening til frokostmøte. Temaet denne gongen var Rekruttering og Bolyst. —Det vart eit bra og engasjerande møte, sa styreleiar Britt Brauten.

Publisert

Aktørar frå næringslivet i Surnadal samt representanter frå kommunen møttest onsdag morgon over temaet bolyst og rekruttering – kva har vi, kva treng vi. Eit tema som engasjerte næringslivet.

Olve Røen frå Alti forvaltning peika på at arbeidsplassar er jobb nummer ein, men at det òg er viktig å gjere ein innsats for å behalde arbeidstakarene. Røen fortalde om aktivitetsdagar for arbeidsstokken med tur og leik, som bedrifta har to ganger i året, men òg om kor viktig det er for arbeidsgivaren å vere fleksibel og legge til rette for at arbeidstakaren skal kunne ta imot jobben.

-Kva har Surnadal å by på som er spesielt? spurte Røen. Vi har fin natur, ny skule, fritidsaktivitetar og kulturhus, men det finst mange slike perler rundt om i landet. Vi må sette søkelys på kvifor folk skal flytte akkurat til Surnadal.

Olve Røen fra Alti forvaltning

Røen etterlyste eit punkt for arbeidsmarked på Surnadal kommune sine heimesider.

Kommunalsjef Næring og utvikling, Karin Halle kunne fortelje at ei omgjering av sidene er i gang, sidene skal byggast opp etter ein interkommunal standard.

Eit rolegare liv

Fleire deltakarar nemde at vi og må tenke ein større radius med henhald til arbeidsliv. Folk som kjem til bygda har ofte ein person nummer to i haushaldet som skal ha arbeid, da er det kanskje rett å ikkje bere tenkje kommune, men òg distrikt.

-Kva kan lokke folk til å flytte til bygda? Gerd Inger Årnes frå PipeLife fortalde om eige erfaringar som innflyttar. Spanande jobbar, tomter, barnehageplassar, og fritidsaktiviteter er viktige faktorar, men Aarnes la òg vekt på den livskvaliteten og roa ho opplevde ved å flytte til landsbygda. Ho fortalde om stressande rushtrafikk, fulle bussar og tog, og kampen om parkeringsplassar.

-Her er det i høgda 4-5 bilar som skal forbi når det er på det travlaste om morgenen, smilte Aarnes.

Ho sette òg spørsmål om kommunen kunne bidra med hjelp til folk som vil invistere i bolig i bygda, slik det er gjort på somme andre stader.

-Kva med ei eller ei fadderordning eller treffpunkt for innflyttarar, foreslo Aarnes. Der kunne ein møte kvarandre og bygdefolk. For meg var det viktig at vi vart så godt motttekne då vi kom flyttande.

I likheit med fleire andre peika ho på nytta av å bruke sosiale media for å nå fram til potensielle ansatte og innflyttarar.

Hugse dei yngre

Fleire av deltakarane nemde kor viktig det er at ungdommen blir teke vare på. Her er skuletilbod og lærlingplassar viktig. Det same er barnehagedekning barnehageinntak, med fleksibelt og kontinuerlig inntak.

-Skuletilbudet må spegle næringslivet, meinte Aarnes. Det er fort gjort å velge ei studieretning som skulen i Surnadal har, i staden for å måtte flytte på hybel.

Temaet karrieredag, kom òg på agendaen. Det vart set spørsmål om og kor nyttig karrieredag er for 10.klassingar, er dei mogne nok til å ha nytte av eit slikt opplegg, eller kunne det vore flytta til vidaregåande skule?

Kommunalsjef Karin Halle kunne fortelje at både 10. klassingar og vidaregåande elevar får informasjon om yrkesliv, mellom anna gjennom samarbeid med skulen i Sunndal kommune.

Fritidsaktivitetar under planlegging

Anne Lise Wullum fra Surnadal kommune gjorde rede for den planlagte aktivitetsparken i Sæterlia, delvis etter modell av «Høyt og lavt»-anlegget på Valsøya. Planane er no tenke opp att etter å ha lege på is sidan befaringa i 2013. Odd Rune Hoem frå Surnadal alpinsenter meinte at tida no er inne for å få aktivitet i Sæterlia på sommarstid.

Anne Lise Wullum fortel om den planlagde aktivitetsparken i Sæterlia

Kommunen har og planar om sykkelsti.

Ellbjørg Larsen og Dan Blekken frå Surnadal il fortalde om planane om fotballhall på Syltøran.

-Vi har jo eit flurete vêr her i Surnadal, sa Larsen. Ein hall kan òg brukast i styggevêr, det vil bli eit steg framover for breiddeidretten

-Vi har bestemt oss for at vi kal ha hall, og vi har eit ambisiøst mål. Hallen skal byggast neste sommar og til jul 2023 skal den opnast, slo dei fast, og inviterte næringslivet til å å vere med på vidare finansiering.

Dan Blekken og Ellbjørg Larsen fortalde om fotballhall på Syltøran

styreleiar i Surnadal næringsforening Britt Brauten, sa seg fornøgd med onsdagens møte.

-Dette er eit tema som skapar engasjement. Dialog er viktig, og her kom det fram mange fine poeng å ta med seg vidare. Rekruttering er eit stadig aktuelt tema. Det er òg nyttig for oss i Næringsforeninga å få ein peikepinn om kva vi kan jobbe med vidare, meinte Brauten.

Powered by Labrador CMS