Kommunestyremøte i Surnadal

Fleire einingar har stort meirforbruk i tredje kvartal

Torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal, der den tredje kvartalsrapporten vart behandla. Økonomisjef Martha Torvik la fram formannskapet si innstilling til korrigeringar av budsjettet.

Publisert

Økonomisjefen fortalte om ulike utfordringar innan drift, som både gjeld oppvekst og helse og omsorg. Fleire av einingane klarar ikkje å halde budsjettet, og må tilførast meir midlar.

Ved sjukeheimen er det mangel på personale, og det er vanskelig å rekruttere. Eit anna problem er at utskrivingsklare pasientar av og til blir liggande på vent på sjukehuset, fordi kommunen ikkje har kapasitet til å ha imot dei. Det må kommunen betale for. Pandemien har og ført med seg ein del ekstra kostnader. I tillegg har det jamnt over vore høgt sjukefravær.

Teknisk sektor har og eit stort meirforbruk, og det er ein god del etterslep på vedlikehald mange plassar.

Einingane barnevern, helse og familie og areal og naturplanlegging har gode prognoser ved tredje kvartal. Derfor vart det foreslått å overføre midlar frå desse einingane til nokre av dei einingane som har stort meirforbruk. Økonomisjefen understreka at dei foreslåtte budsjettendringane i drifta i utgangspunktet ikkje skal videreførast til neste år. Endringane gjeld berre for 2021. Om noko eventuelt skal vidareførast blir ei vurdering i budsjettprosessen.

Det er og mange budsjettkorrigeringar på investeringar i tredje kvartal. Fleire prosjekt blir justert ned dette kvartalet.

Full oversikt kan ein sjå i saksdokumenta på Surnadal kommune sin heimeside.

Formannskapet si innstilling vart einstemmig vedteke.

Powered by Labrador CMS