Foreldrekurs på Surnadal helsestasjon:

– Ofte trur vi at vi er aleine om det vi strevar med, men slik er det sjeldan, meiner Ingunn Foss Brekke og Rita Aarnes på Surnadal helsestasjon.

–Å vera bra nok er det perfekte

Surnadal helsestasjon arrangerer eit kurs åtte måndagar. Det er eit kurs for dei som ynskjer ny kunnskap, og ein enda betre relasjon til barnet sitt. Rita Aarnes og Ingunn Foss Brekke gleder seg, og lovar eit kurs med både hai-musikk og a-ha-opplevingar.

Publisert

Rita Aarnes er familieveileder og Ingunn Foss Brekke er helsesjukepleier på Surnadal helsestasjon. Dei er begge sertifiserte i kurset dei no skal halde. Dei fortel at kurset tek utgangspunkt i foreldreveiledningsprogrammet COS-P Trygghetssirkelen.

I denne omgang er det småbarnsforeldre i barselstida som får tilbod om kurs. Det er eit begrensa antal detakarar, men gruppa er ikkje fylt opp enno, så det er berre å melde seg på.

Åtte tema

Kurset har åtte tema, eit tema for kvar dag. Temaene omhandlar barns kjensler og behov, tryggleik og utfordringar.

– Vi skal sjå videosnuttar i lag, etterpå blir det refeksjonar og samtalar om dei forskjellige temaene, fortel Rita.

– Alle foreldra er ressursar på kurset, men dei får sjølv velje om kor mykje dei vil dele.

Rita og Ingunn er opptekne av at ingen foreldre er perfekte. På foreldrekurset er fokuset at ein skal vera «bra nok».

–Det å vera bra nok er det perfekte, smiler Ingunn.

Ei trygg hamn

Kurset handlar om korleis ein kan bygge robuste ungar. Korleis foreldra kan vera ei trygg hamn, men samstundes gje fridom. Målet er å finne ein balanse.

Eit anna tema handlar om kor medvitne vi er om vår eigen barndom, og korleis den påverkar oss som foreldre. Det er her hai-musikken kjem inn.

– Veit du den musikken i Haisommer-filmane, «dunn-dunn-dunn-dunn». Når «høyrer» du denne musikken, når kjenner du at situasjonar blir ubehagelege? Korleis reagerer du? Det er mange som får a-ha-opplevingar når vi snakkar om dette teamaet, seier Ingunn.

Du er ikkje åleine

Det er ikkje eit kurs der du får to strek under svaret. Målet er at foreldra og kurshaldarane skal diskutere og reflektere. I tillegg kan ein få verktøy ein kan bruke i relasjonane sine, både med barna sine og andre vaksne.

– Ofte trur vi at vi er aleine om det vi strevar med, men slik er det sjeldan. Det er også godt, å få eit fellesskap der ein kan snakke ope om ting ein tykkjer er vanskeleg, seier Rita.

Ope for alle

Kurset er først og fremst for småbarnsforeldre, men er ope for alle. Det blir rom for både bleieskift og amming. Kurset blir halde på dagtid. Dersom det blir stor interesse, så kan dei arrangere eit kveldskurs etter kvart.

Påmeldingsfrist: 1. mars
Ingunn Foss Brekke mobil: 46 87 82 59
Rita Aarnes mobil: 94 85 45 40

Powered by Labrador CMS