Surnadal kommune melder:

Marianne Hansen Røv. helsesykepleier.

No kan du snart få oppdaterte korona­vaksiner

Gjeld personar 65 år og eldre som ikkje har fått ny oppfriskingsdose

Kva betyr oppdatert koronavaksine?

Dei oppdaterte koronavaksinene bygger på same teknologi som dei vi har brukt til no, men inneheld i tillegg kodar frå omikronvirus.

Dei oppdaterte variantvaksinene bremsar smitten med dei variantane som er mest i omløp og gir like godt vern mot alvorleg sjukdom som dei vaksinetypane som er i bruk frå før.

Kven kan få oppdatert koronavaksine?

Dei nye vaksinene er anbefalt godkjent som oppfriskingsdose av det europeiske legemiddelverket frå 1. september.

Den oppdaterte vaksinen er venta i veke 37. Personar i aldersgruppa 65 - 74 år kan forhåpentlegvis velje å få den som oppfriskingsdose frå 22. september. Dersom du allereie har fått ny oppfriskingsdose med den vanlege vaksinetypen, har du ikkje behov for ny dose no. Du er godt beskytta mot alvorleg sjukdom.

Du kan velje mellom vanleg og oppdatert koronavaksine som oppfriskingsdose. Både Pfizer og Moderna kjem med oppdaterte vaksiner.

Vaksinedagar i haust

Desse datoane er sett opp som vaksinasjonsdagar:

  • torsdag 22. september
  • fredag 28 oktober

Dersom pågangen blir stor kan det bli aktuelt å sette opp fleire datoar.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS