Frå venstre: Kjell Eidsli, Maren Skuggevik, Connie Hübner, Marit Nordvik Betten, Gunhild Eidsli, Oddveig Resell, Britt May Hollås og Knut Haugen.

Overvelda av gjevargleda: – Vi er så lykkelege no

I slutten av oktober sette Surnadal Sanitetsforening, etter initiativ frå Daniel Fiske, i gang ein innsamlingsaksjon. Målet var å gå til innkjøp av eit treningsapparat, ein NuStep, til 90 000 kroner. Aksjonen fekk inn 143 000 kroner, og no er både NuStep og meir til på plass hos Surnadal Fysioterapi.

Publisert

– Det er heilt sjukt at det kom inn så mykje pengar på så kort tid.

Det seier Daniel Fiske, som etter eit rehabiliteringsopphald på CatoSenteret i Son, fekk fleire gode hjelparar på trua: eit NuStep-apparat måtte ein få på plass i Surnadal og.

– Ein kunne søkt hjelpemiddelsentralen om å få ei slik maskin heime, men det er mykje betre at den står her, slik at fleire kan bruke den, seier han, og fortel:

– NuStep er ei heilt genial maskin, der ein får brukt heile kroppen. Ein kan velje om ein vil bruke berre beina, eller berre hendene, og den er enkel å komme seg av og på. I tillegg er den driftssikker. På CatoSenteret er det folk som brukar den døgnet rundt, heile året, og den fungerer like godt likevel.

Sjølve monteringa av dei nye apparata er det Daniel Nicolaisen Haarstad-Bøe som har stått for.

– Då eg såg pakken kneapparatet kom i, og at absolutt alt kom i små delar, tenkte eg mitt. Men det gjekk no greitt til slutt, smiler han.

– Ei gåve frå surnadalingane

Med 143 000 innsamla kroner frå privatpersonar, bedrifter og organisasjonar i Surnadal, valte leiar Britt May Hollås og resten av Surnadal Sanitetsforening i tillegg å kjøpe inn eit knetreningsapparat, som også er på plass i treningsrommet.

Over nyttår kjem det og nytt vektstativ, som følgje av gjevargleda til surnadalingane.

– Vi er glade for å kunne bidra med nye impulsar, som kan vere til nytte for folk. Då vi fekk oppmodinga frå Daniel, fann vi ut t ein Spleis-aksjon var ein god måte å nå ut til folk på.

Hollås seier at ho vart både overraska og imponert over kor mykje pengar som kom inn.

– Vi hadde pressekonferanse ein fredag (23. oktober, journ. anm.) klokka 11, og klokka 22 same kveld hadde vi fått inn 90 000. Då bestemte vi oss for å la aksjonen gå til 1. november, og spurte fysioterapeutane kva som var neste på ønskjelista deira. Så vart det kneapparat og vektstang, smiler Hollås, og fortsett:

– Alle midlane som kom inn, har gått til Surnadal Fysioterapi. Så dette er ei gåve til dei, frå surnadalingane. Det at Daniel og Kjell stod fram og promoterte aksjonen gjorde naturleg nok sitt, for sambygdingane ser kva Kjell, og no Daniel, har fått til gjennom målretta rehabilitering.

Maren Skuggevik (t.v.) serverer kake til leiar i Surnadal Sanitetsforening, Britt May Hollås, som naturleg nok fekk det aller første kakestykket.
Det blir ikkje ordentleg kakefeiring utan eit bilete av sjølve kaka!

Frå «Petter Smart» til «Better smart»

Kjell Eidsli fortel at dei nye apparata, og spesielt knetreningsapparatet, er til enorm hjelp for hans del.

– Eg kjente med ein gong eg sette meg på apparatet, at dette er til stor hjelp.

– Ja, då strålte du skikkeleg, seier fysioterapeut Marit Nordvik Betten, og smiler.

– Ja, eg gjorde verkeleg det. For eg har ein skade på høgresida, som gjer at eg slit med å få trena opp den godt nok. Kneapparatet gagnar meg veldig, så dette er kjempegreier, svarar Eidsli.

Kjell Eidsli på det nye kneapparatet.

Og at det er kjempegreier å få nytt utstyr på plass, er fysioterapeutane også heilt klare på.

– Tusen takk til alle gjevarar, dette er kjempestas! Vi har måtta teke i bruk mange «Petter Smart-løysingar» til no, men med desse nye apparata får vi «Better smart-løysingar», seier Oddveig Resell, med glimt i auget.

Ho opna måndagens pressetreff med å takke Surnadal Sanitetsforening.

– Dei har vore heilt supre, som har sett i gang denne innsamlingsaksjonen. Så tusen, eller rettare sagt hundre-og-førti-tusen takk, seier Resell, og får støtte frå kollega Connie Hübner:

– Vi er så lykkelege no!

Marit Nordvik Betten fortel at apparata allereie er veldig mykje bruka.

– Ja, det er nesten kø, seier Maren Skuggevik.

– Gjer meg varm om hjertet

Kommunedirektør Knut Haugen og assisterande kommunedirektør Gunhild Eidsli deltok og på pressetreffet måndag.

Haugen er full av lovord om både gavmilde surnadalingar og initiativtakarane.

– Dette har vore heilt fantastisk å følgje med på, og det er godt å sjå at lokalsamfunnet responderer så vanvittig på ein slik aksjon. Det gjer meg varm om hjertet, det er heilt rått, seier han, og legg til:

– Desse apparata er ei fenomenal gåve til fysioterapien vår, og det er alle i kommunen takksame for.

Haugen rosa både fysioterapeutane, Daniel Fiske, Kjell Eidsli og Surnadal Sanitetsforening.

– Utstyrsparken vår har fått eit stort løft på grunn av dykk, og dette kjem til å komme surnadalingar til gode i mange, mange år.

Powered by Labrador CMS