Dagleg leiar ved Surnadal frivilligsentral, Hilde Staveli Solli og ungdomskonsulent Lars Sæther i Surnadal kommune er på utkikk etter frivillige, som kan hjelpe til på kjøkkenet når det vert arrangert juniorklubb.

Startar opp juniorklubb - treng hjelp frå frivillige

Frå 8. april vil det bli tilbod også for barneskuleelevar ved Surnadal Ungdomsklubb. No etterlyser leiinga hjelp frå frivillige for å få til måltid til ungdommane.

Publisert Sist oppdatert

Koronapandemien førte med seg strenge restriksjonar berre to dagar etter at Surnadal Frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb opna 10. mars i fjor.

No gjer den same pandemien at ungdomsklubben gjer grep, og endrar tilbodet sitt. Der det så langt har vore ungdomsklubb for to ungdomsskuletrinn kvar torsdag, blir det no eitt ungdomsskuletrinn og eitt barneskuletrinn.

– På grunn av koronaen har det vore litt lite oppmøte, og vi vel difor å kutte litt i tilbodet til ungdomsskuletrinna, og i staden prøve å lage eit tilbod for mellomtrinna på barneskulen, seier Hilde Staveli Solli.

Tilbod for 5.-7. trinn

Ho er dagleg leiar ved Surnadal Frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb, og gler seg til å kunne tilby 5.-7. klassingane det som vil få namnet "Juniorklubb".

– Det har vore spørsmål etter klubb for mellomtrinna, så eg håpar folk vil bruke tilbodet når det no kjem, seier Staveli Solli.

Reint konkret, betyr dei nye endringane at det frå og med torsdag 8. april vil bli tilbod for eitt barneskuletrinn frå klokka 14.30 til klokka 16.30. Deretter vert et ein halvtimes opphald, slik at ein rekk å vaske ned - i henhald til gjeldande koronarestriksjonar.

– Så blir det ungdomsklubb for eitt trinn frå klokka 17.00-19.00, seier Staveli Solli, som trur at det at ein av smittevernomsyn ikkje kan blande skuletrinna, har bidrege til at oppmøtet har vore noko labert så langt.

– Vi skulle gjerne blanda trinn, vi, men med dei gjeldande restriksjonane er det dessverre dette vi får til no, seier ho.

Hilde Staveli Solli og Lars Sæther i fri dressur rundt air hockey-bordet i Surnadal Ungdomsklubb.

Ber frivillige ta kontakt

Den nye ordninga med juniorklubb startar med klubb for sjuandeklassingane 8. april, og opplegget, som følgjer skuleruta, vil bli arrangert dei ni torsdagane fram til og med 10. juni.

Hilde Staveli Solli og ungdomskonsulent Lars Sæther i Surnadal kommune etterlyser no frivillige, som kan hjelpe til på kjøkkenet i samband med juniorklubben.

– Vi ønskjer å få til slik at ungdommane får moglegheit til å kjøpe seg eit billig måltid, og då treng vi frivillige, som kan hjelpe til på kjøkkenet og med enkel matservering.

Den daglege leiaren ser for seg at ein treng ein til to personar per torsdag, og forsikrar at det ikkje er snakk om kompliserte matrettar dei frivillige vil måtte hjelpe til med.

– Kva det skal vere må vi bli samde med dei som melder seg om. Det kan til dømes vere bakels, tenkjer eg. Det blir ikkje snakk om nokon trerettar, altså, smilar Staveli Solli, og ber interesserte frivillige om å kontakte henne.

Powered by Labrador CMS