ANNONSE:

Arkivfoto

Endra opningstider for biblioteket

Reduksjon av stilling fører til noko redusert opningstid.

Kultureininga i Surnadal kommune har vorte pålagt, etter måten, store innsparingar dette året. Ein av konsekvensane av dette er at biblioteket vil ha langt mindre på lønsbudsjettet frå august av. Biblioteket har difor måtta redusert opningstida frå da av, og dei nye opningstidene blir:

Måndagar kl. 14–18

Tys-, ons- og torsdagar kl. 11–15

Fredagane blir altså stengt. Men det blir tilbod om «meirope» heile dagen, for dei som har tilgang til det. Grunnen til at ein har gått for å ta bort denne dagen, er at besøkstala viser lågast besøk på fredagane. Ein av grunnane til det igjen er at det ikkje er, eller er svært lite, undervisning på kulturskulen. Fleire av elevane derifrå er gjerne også på biblioteket før og etter undervisninga.

Det er «meirope» tilbod (sjølvbetening) på biblioteket alle dagane i veka:

Måndag-fredag kl. 08–20

Laurdag kl. 11–15

Søndag kl. 13–20

Har du ikkje tilgang til «meirope», er lånar hos oss og er over 18 år, kan ein slik tilgang ordnast i biblioteket si opningstid.

Ein minner også om dei digitale tilboda til biblioteket gjennom BookBites, Filmbib og Filmoteket.

Biblioteket vil vere ope til «vanleg» tid ut juli (altså kl. 11–15 på fredag). Ein vil venteleg utvide opningstida litt når ein går over til «vintertid» igjen, altså frå midta av september.

Powered by Labrador CMS