Pressemelding frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Det spirar og gror i distriktet. Unge rindalingar på motorsagkurs i desember 2020

2022: Eit bra år for skogen

Det vart oppgang i tømmerprisen gjennom 2022. Grantømmeret auka med omlag 130 kroner i snittpris frå 2021.

Allskog, Nortømmer og Fjordtømmer har til saman hatt mellom 8 og 12 maskinlag gåande i fylket- Bruk av ulike hjelpevinsjar har gjort at ein no kan ta ut delar av skogen med vanleg skogsmaskin, der det tidlegare var bruk for taubane. Hjelpevinsjane fører til mindre bruk av gravemaskin og auka sikkerheit for maskinførar. To T-vinsjar og ein TimberMAX T8, montert på gravemaskin, går no jamt i fylket.

Auka omsetjingsverdi

Det blei avverka 273 000 m3 i 2022. Det er likt føregåande år. Auka tømmerpris gjorde at omsetjingsverdien landa på 143 millionar kroner. Verdien har auka med 31 prosent frå 2021, frå 109 millionar. Furuhogsten har ikkje vore høgare på ti år, og blei litt over 30 000 m3 i 2022. Grana stod for 88 prosent av omsett volum. Det har vore positiv prisutvikling på begge treslaga.

Stor auke i planting etter hogst

Dei siste åra har det vore stort fokus på planting etter hogst. Etter noko utfordringar med arbeidskraft under koronapandemien, auka plantetalet mykje i 2022. Det blei planta nesten 5 700 daa i 2022, medan det året før var i underkant av 3 000 daa. Dette er ei auke på 90 prosent. Ein haust med gode forhold for planting kan og ha spela inn på auken i plantetalet.

Det blei utført ungskogpleie på 2 833 daa i 2022, noko som er ei auke frå føregåande år, men behovet for pleie er nok langt større. Litt over 500 daa er markbereida for å lage gode spirevilkår til ny furu.

Vegar

Om lag 3,5 km nybygd, og drygt 5 km med ombygd bilveg, samt 1,9 km traktorveg er ferdigmeldt. Den samla investeringa var på om lag 9,3 millionar. Driftstilskot på til saman 1,49 millionar er utbetalt til drift av 40 500 m3 i bratt terreng, nokre få taubanefelt og langtransport av tømmer, samt treslagsskifte.

Tildeling for 2023

Tildelinga til fylket for 2023 er no komen. Samla pott for tilskot til vegbygging og drift er om lag 8,3 millionar, opp frå 7,45 millionar i fjor. NMSK-potten til skogkultur er på 4,3 millionar. Vi er og tildelt 3,35 millionar for tilskot til nye skogbruksplanar, og revidering av gamle. Det ligg med andre ord til rette for god aktivitet i skogen i 2023.

Powered by Labrador CMS