ANNONSE:

Filmplakat med 9 terningkast hvor alle er fem.
Under er det mange voksne mennesker som fester og drikker.
Et glass til

Dagkino på kulturhuset

Parasittar og drikkfeldige danskar i seniorfilmklubben

Og elles går LA ELVA LEVE og THE WHALE på dagtid i dei to neste vekene på Surnadal kino.

Seniorfilmklubben: Parasitt (onsdag 1. mars kl. 12)

PARASITT er den første og einaste ikkje-engelskspråklege filmen som vann Oscar som beste film. Og den vann også den mest prestisjetunge festivalprisen; Gullpalmen i Cannes.

Så kvifor stakk denne sørkoreanske filmen av med dei to mest gjeve prisane i filmverda? PARASITT er ein «rar» film på den måten at den hoppar mellom ulike sjangerar og tema: varm humor, iskald thriller, familiedrama og samfunnssatire. Det er umuleg å sette filmen i bås og du har neppe sett og opplevd noko liknande før.

Ein skal ikkje røpe for mykje av handlinga, men det startar med ein familie som har det litt knapt og tyr til svindel for å få det betre.

Filmplakat fra den Sør-Koreanske filmen 'parasitt'.
På denne ser vi fem mennesker med sensurerte øyne.
Parasitt

Seniorfilmklubben: Et glass til (onsdag 8. mars kl. 12)

Danske ET GLASS TIL baserer seg på eit utsegn frå den kjente norske psykiatikaren Finn Skårderud om at vi er fødd med ein halv promille for lite i blodet.

Det var nok humoristisk meint, men blir følgt opp som ramme alvor i denne filmen. Og effekten ser ut til å vera oppsiktsvekkande bra. I alle fall før det blir ramme alvor.

ET GLASS TIL vann Oscar for beste framandspråklege film for to år sia. Hovudrolla blir spelt av Mads Mikkelsen, som også er godt kjent frå store amerikanske produksjonar.

Seniorfilmklubben viser altså ET GLASS TIL onsdag 8. mars. Og for å nemne det nok ein gong: Seniorfilmklubben er open for alle, uavhengig av alder.

Andre filmar på dagtid

Tysdag 28. februar kl. 13 viser kinoen LA ELVA LEVE, som tek oss med attover til konflikten kring utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget for vel førti år sia. Kritikarane trilla mykjegodt velfortente 5-arar til filmen.

To kvinner kledd i reinskinn og rød rutete sjal i snøen i Nord-Norge.
La elva leve

Tysdag og torsdag i veka etter kjem ein svært spesiell film, THE WHALE, som er nominert til tre oscars. Brendan Foster speler den ekstremt overvektige engelsklæraren Charlie, som lever isolert på eitt rom og har berre kontakt med ein pleiar. Da Charlie forstår at helsa begynner å svikte for alvor, prøvar han å ta oppatt kontakten med dotter si, åtte år etter at han reiste frå ho.

En overvektig mann ser ut av vinduet.
The whale
Powered by Labrador CMS