Å flytte heimatt

For fire år sidan flytta Bodil og Knut til heimgarden hennar, Austigard på Børset. Det har vore år med mykje oppussing, tankar om korleis ho vil leve livet, takksemd over kva ho har og om kva verdiar ho vil gi vidare til sønene sine.

Publisert Sist oppdatert

Kårkallen møter meg med eit smil i gangen. Eg har teke feil inngang.

- Berre gå dit, seier han og peiker mot døra ytst i gangen. Du er ikkje den einaste som har gått hit først, seier han.

Her på Austigard er det ope mellom «uti og austi».

Dei har laga seg to inngangar, men dei let det framleis vera gjennomgang inne. Det vart berre slik. At foreldra hennar kan gå tørrskodd inn og ut av stua deira, tykkjer ho berre er koseleg. Det var slik når eg var lita, for meg er det naturleg at det fortset å vera ope slik internt, seier Bodil.

Å vokse opp på Børset

Austigard har sida husa vart bygd i 1850 vore ein plass med mykje folk. Det har vore hotell, og i 40 somrar vart husa leidd ut til lakselordar frå England. Tippoldefar til Bodil, som bygde husa, hadde 13 ungar, mange tenestefolk og overnattingsgjestar til alle årstider.

- Mitt favorittfoto, Bodil skriv "Den engelske verandaen ble antakelig tilført huset rundt 1870 da lakselordene begynte å residere på Børset om sommeren. Den ble revet på 60-tallet og vi har greid å rekonstruere den ut fra gamle bilder. Verandaen var et godt uterom for både besøkende og gardsfolket til kvardag og høytid. Et av mine favorittfoto er dette bildet der det bys opp til dans." Foto: Privat

I oppveksten til Bodil budde dei tre generasjonar på Austigard. Besteforeldra hennar, Eivind og Gjertrud, budde uti.

- Eg gjekk ofte hælane til bestemor og bestefar, minnes Bodil. På ein gard var det alltid eit prosjekt på gang, det var slåttonn, vedlikehald og all slags ute- og gardsarbeid. Om somrane fekk vi feriejobb, og det vart notert i ei bok kva kvar enkelt av oss hadde gjort, fortel Bodil.

Når Bodil seier «oss», tenkjer ho på seg sjølv og dei to søstrene sine, Ragnhild og Åse. I tillegg har ho to søskenbarn som har vore ein del av flokken på Austigard i oppveksten, Egil og Grete.

Dagdraumar og pissikatt, Bodil spelar kazoo for pissi på trappa heime Foto: Privat

Dørene mellom besteforeldra, naboane og resten av slekta var alltid opne, både bokstaveleg talt og i overført betydning. Besteforeldra si stue og gardsplassen var naturlege sosiale møtepunkt i grenda.

- Det var mykje folk innom, besteforeldra mine gjorde ikkje forskjell på folk, alle var velkomne, fortel Bodil. Det var mykje humor og stort hjerterom.

- På kjøkkenet til bestemor var det godt og roleg å vera, og alltid tid til ei kakskiv, bakels eller ei skål med kefir og kavring, fortel Bodil.

Besteforeldra hadde alltid tid til ungane, sjølv om dei hadde mykje å gjera. I tillegg til setring og gards- og husarbeid, dreiv bestemor med plantefarging av garn og veving. Bodil minnes at ho sat under veven til bestemora si og høyrde på takta frå vevbommen, og snurra garn på spolane.

Godt jorda

Samhaldet og verdiane ho fekk av familien sin på Austigard, har forma Bodil som menneske.

Foto: Bodil Børset

- Ein blir godt jorda av å ha ein slik oppvekst, seier Bodil.

Ho føler seg heldig.

- Når ein får tjukke og sterke røter på heimplassen, blir det lettare å vokse og gro andre plassar også, seier ho.

I oppveksten møtte Bodil mykje forskjellige folk på Austigard, og fekk eit forhold til mange nyanser av livet. Dette trur eg gjorde oss ungane robuste og tolerante. Ein blir meir trygg i seg sjølv og tilpassningsdyktig ved å bu med fleire generasjonar, og møte all slags menneske i oppveksten. Eg har stor tru på å vera open mot verda, og raus mot dei ein møter, seier Bodil.

Heimatt

Bodil flytta frå Austigard og Rindal og budde og studerte fleire plassar, både i Noreg og i utlandet, ho lærte seg fransk og tok til slutt ein doktorgrad i allmenn litteraturvitskap om ein fransk forfattar.

Ho og Knut møttes som studentar. Etter nokre år i Trondheim flytta dei til Hamarøy der ho vart direktør på det nyoppretta Hamsunsenteret. På Hamarøy fekk dei to gutar, Olai og Evald. Med to små barn, hektiske kvardagar, og nokre andre utfordringar som livet kan by på, vart saknet etter familien stor.

Henge i fjæra, Bodil skriv: "Vi har mange gode venner i nord, og heldigvis er vi alltid velkommen tilbake på besøk til eventyrlandet Hamarøy. Knut er jo nordlending og vi har hans familie i Lofoten og på Bjarkøy, så hver sommer drar vi nordover på ferie. Det er viktig for oss at ungene skal kjenne at de har tilhørighet til begge steder. Og hva er bedre en å henge i fjæra med en god venn og bare kjenne at det er ganske ålreit å være til." Foto: Bodil Børset

Det er ikkje lett å ta store val i livet. Dei elska livet ved havet i nord, kystkulturen, og venar som hadde vorte som ein utvida familie. Dei hadde eit stort nettverk. Bodil hadde ikkje budd i Rindal på tjue år, men kjente no at ho ville gi gutane det same som ho og søstrene fekk i oppveksten. Ho hadde odelen på garden og dei måtte ta eit val.

Foto: Bodil Børset

- Vi fekk berre prøve og sjå, smiler Bodil. Vi hoppa i det med begge føtene.

Knut fekk seg jobb i Rindal kommune, medan Bodil fekk seg jobb i Trondheim som seniorrådgjevar i Kulturrådet. Å flytte, eller for Bodil - å komme «heimatt», var ikkje berre rosenraudt. Det var litt som ei kjærleikssorg. Sønene sakna venane sine på Hamarøy, og kvardagen var hektisk.

Oppussing av huset var eit stort prosjekt, og sidan Bodil pendla til Trondheim kvar dag, vart det lite tid på ettermiddag.

- Det vart ikkje mange pustepausar, fortel Bodil.

Det var hektisk, men Bodil er glad for all innsatsen dei la inn i denne tida.

Koronarestriksjonar – på godt og vondt

Håpet var at ho snart skulle få opne dørene til slekt og vener i den nyrestaurerte delen av garden. Men, da det endeleg begynte å roe seg, kom koronapandemien.

- Eg hadde gledd meg til å invitere folk, det var god plass inne og ute. Eg hadde landkjøken og langbord, og gjesteromma sto klare. Draumen om å invitere gjester til gjestebod, måtte settast på vent, fortel ho.

Gjesterom Foto: Bodil Børset

Likevel ser Bodil noko positivt i det heile. No slepp ho å pendle til Trondheim kvar dag. Plutseleg fekk ho betre tid. Ho saknar kollegane, men heimekontor med møte på teams går overraskande bra.

Arbeidet Bodil har no, gjennom Kulturrådet, er veldig nyttig og meiningsfull. Ho delar ut koronakompensasjon til dei som har kultur til yrke.

- Koronapandemien trykkjer på bremsen i liva våre, noko som ikkje berre er negativt. Den har endra mykje på korleis vi tenkjer om arbeid og fritid. Eg har trua på bygda 2.0.

Bodil er oppteken av at det ikkje finst nokon oppskrift på kva slags liv ein skal leve. Kvar familie må finne ut kva som er best for seg sjølve. Eg tenkjer at alle prøver å gjere det alle beste for seg og sine, seier ho.

Engelsk veranda, Bodil skriv: "Låna på Børset Austigard er nå ferdig restaurert og fasaden er tilbakeført tilnærmet slik den var med engelsk veranda, slik flere av gårdene som var leid ut til engeske laksefiskere hadde. Vi har gjort fargeanalyser både ute og inne og huset den originale rosa fargesettingen som var spesielt for tre gårder i Rindal." Foto: Bodil Børset

- Ta her får oss te!

Bodil håpar at Austigard fortsatt kan vera ein plass folk føler seg velkomne, og ein plass det er godt å vekse opp.

- Det er ikkje så viktig å planlegge alt. Ikkje overplanlegg livet. Eg snurrar meg rundt og finn på noko om noko kjem overraskande på, seier Bodil. «Ta her får oss te! Oss he plass»

Powered by Labrador CMS