150000 korssting på eit broderi
Når barna til Oddny Koksæter blir 50 får dei eit brodert bilde av henne. Etter at barna har valt motiv startar ein lang og nøyaktig prosess, og etter eit stort år og mykje arbeid, er produktet ferdig.
På avstand ser broderia til Oddny ut som måleri eller fotografi. Det er ikkje så rart, 49 korssting broderer ho på ein kvadratcentimeter, det er utruleg smått.
Oppskrift på 32 sider og 80 forskjellige fargar
Det byrja i 2018 da sonen Arne Leidulf vart 50 år. Da fann ho eit bilde med oppskrift som ho tenkte passa til han. Da Margunn vart 50 ønskte ho seg eit broderi av eit bilde ho sjølv har teke på vegen opp til hytta deira. Da måtte Oddny få hjelp av son sin Sigbjørn Koksæter. Dei fann ikkje nokon plass i Noreg som kunne laga oppskrift til eit så avansert bilde. Til slutt fann Sigbjørn ein nettstad på engelsk som kunne hjelpe dei.
Bildet frå Folldalen har ei oppskrift på 32 sider med 80 forskjellige farger. I oppskrifta har alle fargane kodar, Sigbjørn var den som måtte finne og bestille dei forskjellige fargane.
– Eg brukte lang tid på å finne dei riktige fargane. Det er farger frå tre forskjellige produsentar, fortel Sigbjørn.
Å finne 80 forskjellige farger tek tid, da er det mange nyansar av same farge. Det å få bestilt dei forskjellige fargane var heller ikkje så lett.
– Å bestille sulky-garn var vanskeleg, produsentane i Europa sel berre til EU-land. Eg fann heldigvis ein produsent i USA som sel til heile verda.
Han fortel at det har vorte lettare å finne farger dei siste gongane dei har bestilt mønster og garn, men likevel brukar han god tid på å finne dei riktige fargekombinasjonane og dei rette nyansane.
– Nettsida gir oss mange forskjellige val, og så må vi finne ut kva som er finast. Nokre gonger er det berre eit korssting som har ein farge, av 150 000, seier Sigbjørn og smiler.
Tolmod og forstørrelsesglas
Oddny sit ofte fem timar om dagen og broderer.
– Det er triveleg å sitte og brodere, eg har mykje tolmod, men eg må konsentrere meg, eg kan ikkje bli mykje forstyrra før eg må legge broderiet frå meg, smiler Oddny.
Det er ikkje berre berre å halde styr på alle oppskriftsarka. Ho er oppteken av at det ikkje skal visast på det ferdige resultatet kor det eine mønsterarket byrjar og sluttar, difor held ho på med fleire mønsterark om gongen. Ho må halda tunga rett i munnen for at det ikkje skal bli rot i systemet.
Oddny brukar forstørrelsesglas for å sjå broderiet bra nok. Det er fort gjort å ta feil farge når ein brukar titals forskjellige grønfarger.
–Det er kjempeekkelt å ta oppatt, men eg vil ha det rett.
«Prekkelarbeid»
Oddny har halde på med handarbeid heile livet, og har laga mykje som ho har både selt og gjeve vekk. Ho har mellom anna strikka nordmørsbunader til tre barn.
Ho er mest glad i «prekkelarbeid».
– Det er artigare å strikke med tynt garn enn med tjukt garn, ja. I fleire år broderte eg mansjettar og kragar på bunadsskjorter, det var gøy.
Hjelpesmann
Har ho ei plan for kva Sigbjørn skal få når han blir 50 år, lurar vi på.
– Ja, eg har ei plan, men det er hemmeleg, seier Oddny og ler.
Ho fortel at ho set stor pris på sonen, og all hjelpa ho har fått av han i alle prosjekta ho har hatt dei siste åra.
– Han er ein hjelpesmann, eg hadde ikkje fått til dette utan han, seier Oddny.