Nye anonyme lemsebakarar er «utdanna»
I fjor var det arrangert kurs i tynnlemsebaking i Surnadal med ein rindaling som kurshaldar. I forrige veke var det arrangert tilsvarande kurs i Rindal, med ein surndaling som kurshaldar. Rett nok ein halvt rindaling, busett i Todalen.
Vi er mange som svergar til den tynnaste av dei tynne tynnlemsene til lutefisken julaftan. Men det er kanskje ikkje så mange av oss yngre som kan kunsten. Dette blir litt like eins som å strikke ull-lestar; det er like greit å berre lære det seg først som sist.
Dei anonyme lemsebakarane mønstra opp på den lyse og trivelege kantina på Rindal skule, og rekna med at det vart midnatt før dei kunne snu nasen heimatt. -Dette kjem til å ta tid å lære seg, meinte den aller mest pessimistiske av dei.
Alle hadde med si eiga stappe. Med poteter koka med skalet på, kvelden før, og kjørt gjennom kverna både to og tre gonger, kald og varm slik som soga om dei beste tynnlemseoppskriftene seier! Som dei fleste lemsebakarar veit, så er det omtrentleg ei oppskrift per bakar, og visse reglar MÅ haldast. No skal det seiast at kveldens kurshaldar var av det frimodige slaget, så her dukka det opp både eit og to overaskingsmoment etter kvart for å avkrefte alle tynnlemsemyter frå tidleg 1900-tal ein gong for alle.
Kveldens kurshaldar var kanskje for nokon litt vel nymotens. Her vart det demonstrert deig på rykande fersk potetstappe. Koka utan skalet på til og med! Og det går heilt fint, i alle fall for dei som tør å prøve.
Godt utstyr er viktig å ha for å få leiven både tynn nok, og ikkje minst for å få den nogen lunde heil og fin over på takka for steiking. Her vart ulike teknikkar praktisert, litt etter
erfaring. Og jaggu vart det ikke ein og annan flatbrødleiven også, når snuinga vart i seinaste laget og takka kanskje litt for varm...Ja, for du har kanskje fått deg fortalt at du treng ein eigen deig til flatbrød? Nei da, det går heilt fint å bruke den same som tynnlemsa. Her er det berre justeringa på termostaten på takka og tolmodet på steikaren som er annleis.
Nokre av kursdeltakarane hadde med seg den geniale bakeplata med seglduk på. Her hadde dei ingen problemer med at leiven sette seg fast, og denne vart behørig notert som årets julegaveønske, både hos kurshaldar og fleire av deltakarane. «Spøer» i ulike variantar dukka opp, men dei som ikkje var avrunda nok vart fort kassert.
Deltakarane var særdeles ivrige og lettlærte. Nokon kaffepause hadde dei derfor ikkje tid til. Arva kjevler gjekk i eitt med mjølbeltet rundt magen.
Tynnlemsa får den siste finishen med den vesle trinsa. Her justeres både tjukkelse på kantar og fasong om den ikkje vart heilt etter plana mes storkjevla..
Mange slit også med glutenallergi. Men med riktig mjøl så vart også den tynnlemsa heil perfekt. Både på smak og fasong.
No er julekvelden berga, og nye anonyme tynnlemsebakarar held tradisjonane i hevd i mange år framover. Om dei tek opp konkurransen med dei som driv dette i større skala er nok usikkert, men at de lagar si eiga heimlaga tynnlemse også neste år er garantert!
Tekst og bilde innsendt av Elinor Bolme