Søndag i Øvre Rindal kapell

Dåpsføget ved døpefonten
Sofia Heggem Syrstad med prest, foreldre og fadderar.

"Sauer er ålreite dyr"

Preiketeksta for preika til Lene prest i Øvre Rindal kapell denne søndagen var om sauer og den gode gjetaren, og vesle Sofia Heggem Syrstad vart bore til dåpen.

Publisert Sist oppdatert
Døpefont alter og altertavle Øvre Rindal kapell

Dagens preiketekst var frå Joh 10,11-18

Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene.

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.

Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Sokneprest Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Lammet med sigersflagget
Lammet med sigersflagget. Detalj frå altertavla i Øvre Rindal kapell.

Preika

Eg veit at i denne forsamlinga er det fleire – og i alle fall eitt sett med oldeforeldre og i alle fall ein prest - som har svært så god greie på sauehald. Sauer er allrighte dyr – men jammen er sauebønder ganske allrighte også. Dei har eit eige lag med dyra sine. Dei kjenner sauene sine. Og sauene kjenner att eigaren sin. Tross alt veit dei godt kven dei pleier å få mat hjå vinteren igjennom.

No er det snart klart for lamming. Ei herleg tid med mykje liv og røre i sauefjøset, mykje arbeid og mykje nattevåk. Men det å stelle fint med sauene sine lønner seg alltid. Slik har det vore støtt.

Når Jesus fortel om seg sjølv at han er den gode gjetaren, sprenger han alle grenser for sauehald. Vanlegvis er jo sauene nyttedyr som produserer kjøt me et. Dei er maten vår.

Lene prest foran alteret i Øvre Rindal kapell

Men her er det omvendt: Jesus blir som eit lam sjølv, eit offerlam som i høgste grad er nyttig – for oss.

Jesu sauehald går ut på å vera den som gjev livet sitt for sauene slik at sauene blir berga.

Eller som han tydeleg nok meiner det: Jesu kall, kall det gjerne livskall, går ut på å vera den som gjev livet sitt for oss slik at me skal bli redda frå det som er mest farleg for oss.

Han går ned i døden for å løfte oss opp i livet, han går ned i avgrunnen for å løfte oss til himmels.

Dette er ikkje heilt vanleg sauehald. Men så er heller ikkje Jesus spesielt vanleg. Det er difor han kunne ta denne jobben.

Han har kvalifikasjonane i orden: Sann Gud og sant menneske og utan synd. Difor kan han frelse og bera oss.

Så seier Jesus noko fint om at han kjenner dei som høyrer han til. Og dei som høyrer Jesus til, dei kjenner han. Akkurat som sauebonden og sauene: Dei kjenner kvarandre att.

Korleis skal me så kunne kjenne att Jesus, har han ikkje vore død i snart 2000 år, liksom?

De som er foreldra til Sofia kjenner Jesus godt nok til at de ville leggja framtida hennar i hans hender. De ville ha henne døypt, slik at ho får del i Jesu oppstandelse frå døden og heile det evige livet lagt føre seg.

Skjønar Sofia kva det går ut på? Neppe. Døypevatnet er vel ikkje så forskjellig frå badevatnet ho har prøvd før.

Skjønar de som er foreldre kva det går ut på? De som er faddrar? Heilt uavhengig av kor mykje eller lite de forstår, sa de ja her oppe ved døypefonten, - ja til kristen oppdragelse og tru, ja til å hjelpe Sofia både med å be for henne, lære henne sjølv å be og hjelpe henne til å bruke både Bibel og nattverd.

Kvifor? Fordi ho skal bevart som kristen og vekse og blomstre i kristen tru. De vil og de har sagt at de skal – fordi de har tru på at dette med forhold til Jesus gjer godt for Sofia.

Det er nok noko begrensa kva både Sofia, foreldre og faddrar, menigheit og presten forstår.

Men likevel gjer me det, fordi me trur på at det gjer Sofia godt – som det har gjort oss godt å kjenne Jesus og vita at han kjenner oss.

Han tåler godt å kjenne oss både på godt og vondt. Han tåler oss så godt – hovudsaken er at me kjem til han med Sofia, med bønene våre, med oss sjølve og let han ta seg av oss.

Akkurat slik ein god gjetar tek seg av sauene sine. Og så kan me kvile i dette at Jesu omsorg for oss er stor – større enn me forstår.

Snart let han seg dele ut mellom hendane våre i brød og vin. I tydelege teikn på omsorg og kjærleik, offer og sjølvutslettelse for at me skal få næring til trua, liv og saligheit frå han som sjølv er den gode hyrden, gjetaren som vil oss vel.

Lene Gåsvatn foran alteret i Øvre Rindal kapell
Powered by Labrador CMS