Møte med Romundstadbygda og romundstadbøgg

Helene Marie Nergård, Magne Løset, Karstein Mauset og Ragnhild Stavne Bolme

- Det er berre to bautaer i Rindal, og begge hyller personar frå Romundstadbygda

Det var konklusjonen til Magne Løset etter at han hadde teke med seg rindalspensjonistane på ein guida tur innover Romundstadbygda på Den Internasjonale Eldredagen 1. oktober.

Publisert Sist oppdatert

xRindal Pensjonistlag og Rådet for eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne inviterte til feiring med kåseri, musikk og middag på Bolme Pensjonat. Situasjonen med Covid-19-pandemien gjorde at det var begrensa antal plassar, men dei som hadde sikra seg plass, fekk ei hyggeleg stund.

Magne Løset leda turen



Romundstadbygdtur

Reisa gjennom Romundstadbygda starta med Løsetgardane og heimplassen til Magne Løset, like ved travbanen i Rindal. Garden har mange namn, men vi kan halde oss til Løsetøyan og kalle kåsøren/turguiden for Magne Øyå. Mange visste at bestefaren var gammellensmannen i Rindal.

Elles var ein av dei beste skyttarane i landet frå Løsetgardane. Lars Løseth frå Flåtten var i omskyting med OL-vinnar og ein av dei beste skyttarane i verda, Willy Røgeberg, på landsskyttarstemnet i Steinkjer i 1937. Det var ingen skam å «tape» mot han.

Lenger aust ligg Røen, og der var det mange kjente menn, mellom anna Sigurd Røen som står som statue i Rindal sentrum. Han har 179 premier, og berre 9 er dårlegare enn 5.plass. Høgast er kanskje Hitlers Ærespris frå 1937 og gullmedaljane i kombinert og stafett i VM same året.

Rørdalsvisa

Rørdalsvisa, ein framtidsvisjon om nydyrkargrenda Rørdalen frå 1928, er signert Ingebrigt Røen. Mykje av visjonane forfattaren hadde er gått i oppfylling – miksmaster og konebil er normalt idag, og enda er det ikkje gått 100 år!

I nær fortid fekk Norge med Torgeir Nergård både OL-, VM- og EM-gull i curling. Far hans voks opp i Romundstadbygda.

På sørsida, skuggesida, av bygda ligg gardane Kroken og Reinsli. Astrid Krog Halse stammar derifrå, og ho fekk vi møte gjennom Karstein Mauset som har tonesett mange av dikta hennar.

Kona til Jakob Sande stammar også frå denne grenda, kunne Magne Øyå fortelle.

Bakgrunnsbildet med Karstein Mauset er frå Kroken.

Neste stopp var hos formannskapslovas far, John Neergaard. Bautaen over han står like ved fylkesvegen og er den første bautaen over ein rindaling.

Frå Yttgarden på Romundstad kom mor til kona til Knut Hamsun, og i sitt åttiande år besøkte han Rindal i lag med kona Marie for å sjå bygda ho stamma frå.

Gründer

Den største gründaren i Rindal kjem også frå Romundstadbygda. Emil Gåsvand starta tre-eventyret sitt ved Kysinga for å utvide ved travbanen i Løsetøyan før han enda opp med mange store bygg på industriområdet i Bjergen – Rindalshytter, Rindalslist og Gåsvand Eiendom.

I same slengen nemner vi gründaren Olav Storli, som stod bak Rindal Trelast og Rindal Bulldozarlag

Songarinna

Turid Røen Kroknes er frå Flålia, frilanssongar som no bur i Valsøyfjord, er kanskje meir kjent utanom Rindal. Ho har fått Halsa kommunes kulturpris og Bræinprisen for formidling av nordmørske folketonar. Ho har gjort mange roller ved distriktsoperaene rundt om i landet, og har vore på turne med Den Norske Opera. Særleg lang fartstid har ho ved Operaen i Kristiansund. Ho har og sunge altpartia ved mange store kyrkjemusikalske verk, og er stadig aktiv med konsertar. Ho har opptrått i Universitetets Aula i Oslo, Festspela i Bergen og mange gonger i Nidarosdomen.

Fleire idrettsmenn

Mikal Kirkholt – sølv stafett under OL 1952, Torvald Heggem 4 kongepokalar og Hitlers Ærespris, den andre i Romundstadbygda! Det vart delt ut berre 5 slike æresprisar. Lenger aust budde Reidar Helgetun, som vart verdensmester i militært patruljeløp i lag med Magnar Ingebrigtsli og Tore Bjørnstad frå Rindal og Odd Lykkja frå Meldal.

Og til slutt nemner vi at oldemor til Ole Gunnar Solskjær kjem frå Friktrøa.

Det vil vere ein god idé å repetere denne "turen" med buss!

Fredlaus

Karstein Mauset gledde forsamlinga med mange av sine eigne viser. Han har tonesett dikt av Hans Hyldbakk, Astrid Krog Halse og Ingeborg Solem. Fleire av visene var frå den siste CDen, Fredlaus, som det var høve til å få kjøpe.

Det vart servert god, smakfull lapskaus, riskrem og kaffe etter kåseriet
Leder i pensjonistlaget, Helene Marie Nergård, takka Løset og Mauset for dei gode innlegga og overrakte blomster
Ragnhild Stavne Bolme, som er ledar for Rådet for eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne, leda møtet.

Den internasjonale Eldredagen

Den Internasjonale dagen for eldre 2020 er knyta til FNs bærekraftmål nr. 3, som handlar om god helse og livskvalitet.

Temaet rettar merksemda både mot innsatsen til helsearbeidarane og mot helsa hos eldre menneska og i kva grad Covid-19-pandemien har påverka helsepolitikken og haldningar til helsa hos eldre menneske.

Dette er også dagen for lansering av FNs kampanje for tiåret som kjem som «Tiåret for sunn aldring».

Måla for Eldredagen og Tiåret for sunn aldring er å:

  • rette merksemda mot behov når det gjeld helse hos eldre menneske og korleis eldre tek vare på si eiga helse og livskvalitet
  • auke merksemda og takksemda mot helsearbeidarane som arbeider for god helse blant eldre, da med spesielt fokus på sjukepleiarar
  • prøve å minske skilnadane mellom helse til dei eldre som lever i utviklingsland kontra dei som ikkje gjer det, slik at alle eldre kan oppleve god helse og livskvalitet
  • rette merksemda mot behova til eldre når det kjem til helse og korleis eldre tek vare på si eiga helse og livskvalitet
Powered by Labrador CMS