Sammen på søndag

Hovde viser klaven framfor bord med ulike utgaver av klaver.
Bjørn Hovde viser ein av dei aller første klavane som dyra skulle ha rundt halsen.

Nofence - usynleg gjerde

Den pensjonerte presten Bjørn Hovde kan meir enn å halde andakt. På søndagssamlinga på Rindal Menighetshus fortalde han om verdensbegivenheita Nofence, det første usynlege gjerdesystemet i verda.

Publisert Sist oppdatert

Bjørn Hovde bur i Ålvundfjord med kone og seks barn, ein aktiv familie. Det første husdyret dei fekk, var eit kopplam. Betingelsen for det var at alle gjekk med på at dei skulle ha det til middagsmat når det vart større. Det vart dei samde om, og det smakte riktig godt.

Sonen Oscar likte ikkje at dei måtte gjerde inn dyra, og grubla tidleg på andre løysingar. Utmarka låg der, ein resurs for dyra og eit naturlandskap som bad om pleie for oss andre. Etter kvart som han tok utdanning, utvikla ideane seg i 1990-åra, og det usynlege gjerdet Nofence vart patentsøkt i 2009 og firmaet vart stifta i 2011.

Geiter som prøver Nofence
Eit av dei aller første bilda av Nofence i funksjon. Berre geita i midten har Nofence-klave. Ho kryssa ikkje "gjerdet" av lydsignal og lett straumstøyt.

Nofence-klaven har batteri og solcelle. Den kommuniserer med ein app på telefonen over mobilnettet, og GPS-teknologi gir posisjonsdata. Du set opp grensene, gjerdet, på kart på telefonen, og du ser kvar dyret går.

Når dyret nærmar seg beitegrensa, får det lydsignal. Går det enda nærmare, kjem det nytt lydsignal. Dersom dyret går vidare, får det eit straumstøyt. Dei lærer seg fort å snu av lydsignala.

Eit bord med ulike produkt slik dei har utvikla seg.
Vi fekk sjå ulike klaver og halsband som hadde vore prøvd, også aller siste utgave!

Vegen framover har ikkje vore enkel, og det har vore mykje utviklingsarbeid, noko bildet av dei ulike versjonane av "bjøller" og halsband Hovde hadde med seg viser. Dei hadde også ein skikkeleg runde med Mattilsynet.

Kart over beitet i Ålvundfjord med markerte dyr
Beitet til dyra i Ålvundfjord. Her ser vi kvart dyr.
Nofence på kart over norge og Storbritannia
Nofence i Norge og Stobritannia
Kart over Nord-Amerika med markering av Nofence
Nofence i USA
Nofence i Spania
Nofence i Spania

Så kunne Bjørn Hovde vise oss via telefonen sin og storskjerm kvar dyra hans gjekk på beite i Ålvundfjorden. Vi kunne sjå kor mange gonger dyra hadde fått lydsignal. Vi såg også at kjeet Credo, som nettopp hadde kome ut, hadde fått 5 straumstøyt !

Så lenge du har mobildekning, og at det er dekning i beiteområdet, har du full oversikt over kvart enkelt dyr. Rømmer det utom området, ser du også kvar det er med GPS-teknologien.

Hovde sette opp eit beite rundt menighetshuset. Trollheimsportens skribent tok klaven i handa og gjekk ut. Med telefonkontakt venta han til klaven var kalibrert til det nye beitet. Etter å ha fått beskjed om at han var på plass innafor gjerdet, bevega skribenten seg i retning grasbanen. Lydsignalet kom, ein gong, to gonger, - så kom straumstøyt!

- Da var eg glad eg hadde telefonen i andre handa! Nofence virka!

Nofence har rundt 60 tilsette med hovudkontor i Batnfjord og avdelingskontor i Trondheim og Oslo. Dei ha også tilsette i Storbritannia og Spania.

Utfordringa for Nofence framover er å finne balanse mellom å tene pengar for investorane og å ta vare på idealismen om å få dyr på beite i naturen.

Andakten

I andakta si tok Bjørn Hovde utgangspunkt i teksta for denne søndagen
Johannes 15, 1-8:

1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7 Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. 8 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Powered by Labrador CMS