Søndagens preike i Rindal

Lene Gåsvatn

Univesiell utforming i Rindalskyrkja

Mange born frå femte klasse fekk Bibelen i gudstenesta i Rindalskyrkja i dag. Preika handla om universell utforming, venskap og Jesus. Sjølvsagt måtte det også bli med ei oppfordring til å lesa i Bibelen og å bli med på Lys våken!! som er planlagt i mars.

Publisert

Markus 2,1-12

Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime. 2 Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.

3 Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han. 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på. 5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

6 No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet: 7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?»

8 Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet? 9 Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’?

10 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme – 11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12 Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»

Eg veit ikkje om de tenkte så nøye over det då de kom inn her i kyrkja, men altså: Eg trur nok dei aller fleste av dykk kom inn gjennom inngangen på sida her. De veit, den utan trappetrinn, men med skiferheller som går jamnt oppover på skrå langs kyrkjeveggen. Slik er den tillaga for at det skal bli enklare for folk som treng rullestol eller rullator å koma inn. Også kalla universell utforming.

Ein beskrivelse for universell utforming, er at bygg og område skal vera tillaga slik at alle kan bruke dei. Og heldigvis kan alle som vil inn i kyrkjene våre, koma inn. Her er det lett tilgjengeleg for rullestol – i kapellet er det rullestolheis.

Det var ikkje såpass for dei fire kompisane som skulle hjelpe venen sin på båre å koma fram til Jesus. Ein ting var at han var lam så han ikkje kunne gå sjølv. Og ein annan ting er at det er så fullt i huset der Jesus er, at det er ikkje mogelegheit for å brøyte seg fram. Trengselen er stor, og ingen vil laga opning for dei fire som kjem med kameraten sin på båra.

Heldigvis veit dei råd! Dei klatrar opp på taket med både båre og kamerat, dei riv av taket og lagar ei opning som er stor nok til at dei kan fire kameraten sin ned rett framfor Jesus som er inne i huset. Dermed er alle folk nødt til å vike plassen, hvis dei ikkje skal få heile båra i hovudet. Og det vil dei jo ikkje.

Skal tru kvifor desse fire karane vil ha kameraten sin til Jesus? Kva er det som driv dei til å bera han langt og lenge på båra, til baske både mann og båre med seg opp på taket, til å øydeleggja taket så murpuss og stein sprutar – og så fire han ned? Kva er det som driv dei, kvifor gjer dei dette?

Dei må ha hatt trua. Dei har hatt trua på at noko rart skulle kunne skje, at mirakel skulle kunne skje, at det skulle kunne skje under slik at kameraten på båra kunne bli helbreda. Det skadar uansett ikkje å prøve! – Og så tek dei sjansen, og så går det – det kan hende det går betre enn forventa.

Den lamme mannen får fixa føtene slik at han kan gå sjølv. Og endå til seier Jesus til han at syndene er tilgjevne – at det blir sett ein tjukk strek over alt han har gjort gale så langt. Når Jesus tilgjev synder, så kjem dei bort.

Så var det altids nokon som skulle kritisere Jesus for det gode han gjer. Slik var det då og slik er det no: Desse som vil kritisere har me alltid blant oss. Men kanskje me ikkje skal bry oss så mykje om dei, kanskje me ikkje skal gje dei så mykje oppmerksomheit.

Eg skal avslutte denne historia med å seie noko om venskap. Noko om Jesus. Og noko om universell utforming. Og at dette heng i hop til eit heile.

Den lamme mannen på båra er heldig som har vener. Han har fire sterke vener som har initiativ og pågangsmot til å hjelpe, til å gjera noko til å aksjonere for å gjera godt. Og så merkar me oss at dei samarbeider, dei går i hop for å gjera noko godt i lag. Teamwork heiter det visst.

Alt arbeid blir enklare om me kan samarbeide om det. Og av og til er me faktisk nødt til å vera fleire i lag for å få det til. Eg vil tru at me får det betre sjølve, om me lærer oss opp til å sjå etter om me kan hjelpe einkvan om prosjekt det kan bli fellesskap og samarbeid ut av – det vera seg helgevask eller vedarbeid heime. Eller det kan vera å gå i lag om å vera ven for einkvan de ser at fell litt utanfor. Tenk kor godt det vore å bli inkludert, bli spurt om å vera med, koma inn i varmen? Slik er det for dykk som går i femte klasse – og slik er det også for foreldra dykkar og besteforeldra dykkar. Alle treng å bli inkludert, alle treng gode vener.

I denne historia frå Bibelen viser Jesus seg som ein ekstra god ven – faktisk ein betre ven enn nokon av oss andre kan bli. Fordi Jesus gjer mirakel slik at den lamme mannen kan gå att. Og fordi Jesus tilgjev synder. Ja, me kan også be kvarandre om unskyldning og få tilgivelse hjå kvarandre. Heldigvis. Alle gode venskap blir berre betre av at me kan innrømme feil, be om tilgjeving og skvære opp. Men når Jesus tilgjev, blir det endå meir gjennomgripande, for nå går det på frelse. Jesus gjev oss tilgivelse på sin eigen bekostning, han gjev oss livet gjennom at han sjølv døyr for oss. Dette er eit mysterium det er vanskeleg å forstå – det handlar vel om den største kjærleik det er mogeleg å ha for anna folk. Og denne kjærleiken har Jesus til oss.

Og så var det dette med universell utforming, slik at alle hus og alle plassar skal vera tilgjengeleg både for folk som kan gå og springe og for folk som ikkje får til noko av delane. At alle skal ha tilgang.

Når me ser på kyrkjene våre, ser me at her er det tilgang for alle. Dørane er opne og kyrkjene er oppvarma nesten kvar einaste sundag. Alle er velkomne inn til å delta i gudsteneste med Bibelord og salmesong, bøn og nattverd, dåp og musikk. Det å kunne delta i gudsteneste vil eg meine at alle har godt av. Ikkje minst fordi gudstenste også er fellesskap i alle retningar: Fellesskap mellom folk og fellesskap mellom menigheit og Gud.

Og utanom kyrkjetida, har me også tilgang til fellesskap med Gud. Jesus har laga til Guds rike for oss med universell utforming: Alle kan koma inn, alle kan delta, alle kan ha sin plass.

Ein fin måte å begynne på, er at me les i Bibelen. De som går i femte klasse, må gjerne starte med Markusevangeliet, der denne preiketeksta er henta ifrå. Start der, hjå Markus, i det nye testamentet. Han skriv enkelt. Så kan de halde fram med dei andre tre evangelistane: Matteus, Lukas og Johannes. Før de går vidare på Apostlenes gjerninger og Paulus sine brev.

Når de les dykk opp i Bibelen, vil de sjå det stadig meir: Guds rike er universelt utforma slik at alle kan få plass. Og så vil de sjå at Jesus er ein god ven for dykk, og at han gjev dykk energi til å vera gode vener sjølve.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS