Preike i Rindal kyrkje 30. april -23.

Rindalskirka, gravstener stikk opp av snøen
Rindal kirke med gravene på kyrkjegarden

Sorga skal vendast til glede

Korkje uro eller angst er nyleg oppfunne. Slik hadde disiplane det også, då dei kjente på at framtida var i ferd med å bli riven ifrå dei like før Jesus blir avretta. Jesus er tydeleg nok på at framtida skal koma dei i møte. Til dei òg.

Publisert

”Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.”

Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’? Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.»

Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’? Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede. Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda.

På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.

Preiketekst for 4. Sundag i påsketida, Johannes 16,16-22.

Kor lenge varer ei lita stund? Er det snakk om sekund eller er det snakk om eit heilt liv? Har me ringt nødnummer til brann, helsevesen eller politi, kan ei lita stund fortone seg som uendeleg lenge. Ja, me er der om ei lita stund. Men kva så i mellomtida? Må hus eller skog brenne ned fyrst, må nokon få varige men eller i verste fall døy, må nokon utsetjast for endå meir redselsfull kriminalitet? I slike situasjonar er det så kvart eit sekund teller.

Ei lita stund – kor lenge varer den? Etter kvart som me blir eldre, kjem det meir og meir opp i bevisstheita at ti-åra me fekk å leva gjekk berre fortare og fortare. Kor lenge varer eit ti-år når me har passert førti og femti? Ikkje stort lengre enn ei lita stund.

Korleis tenkjer disiplane når Jesus brukar dette begrepet? Dei ser framtida der me ser historia, dei er urolege og redde der me ser at me kan behalde både ro og tryggheit, dei ser si store sorg der me ser glede. Fordi dei ser framtida usikker ut der nettet snører seg stadig tettare rundt han dei har satsa framtida på – for oss finst det kvile og tryggheit i dette som vart deira skremmande framtid og som er vår kristenarv.

Skjæringspunktet ligg i Jesus og kva som skjer med han. Det er bokstaveleg talt før og etter Jesu fødsel, død og oppstandelse som teller. Ei lita stund, vèl tre ti-år fekk han her på jorda. Ei lita stund, frå skjærtorsdags kvelden og til tidleg påskedags morgon var det så vondt å vera Jesus at me vanskeleg kan forstå det. Ei liding der kvart sekund kjennest i kropp og sjel, i lidelse og død, i undergang og uskuldig soning.

Disiplane veit ikkje kva som skal skje, men dei har all grunn til å vera både redde og engstelege. Me veit kva som skjedde – kvifor er me så både redde og engstelege for framtida, for vår eiga framtid? Me har lært noko om at Jesus har ordna opp for oss, at han har sona skulda vår, at han har vunne over både sin eigen og vår død – er ikkje dette nok for oss? Er det ikkje nok den vesle stunda me lever her?

Eg har mista to av mine næraste veninner i sjukdom. Den eine av dei spekulerte meir og meir på korvidt det evige livet hjå Jesus var det verkelege livet. Og eg trur ho hadde rett: Det evige livet hjå Jesus skal i alle fall vare meir enn den vesle stunda me opplever at er vår her på jorda. Dess lengre me lever og dess fortare me opplever at tida fèr ifrå oss, dess nærare er me alt dette som skal vendast til gleda som ingen skal kunne ta ifrå oss.

Og faktisk er me, me befinn oss, midt i denne gleda allereie. Gleda som ingen skal kunne ta ifrå oss. Gleda me kan leva og vekse i og kjenne at er vår. Gjerne med både takk og lovsong attåt. Enn så lenge vil dei fleste foreldre gje borna sine denne gleda, så dei kan byrja det nye livet i lag med Jesus og bli født på nytt att ganske snart etter fødselen.

Lenge nok har det funnest folk som klandrar dei truande for at dei berre trur på livet etter døden. Kor feil kan ein ikkje ta?! Like fullt som me bekjenner trua på oppstoda av kjøtet og evig liv, kan me bekjenne oss til trua på livet før døden. Livet med gleda ingen skal kunne ta ifrå oss fordi ho er så levedyktig og eksistensiell – og faktisk vart gjeve oss så tidleg som i døypevatnet.

Ei lita stund, mellom korsfesting og oppstandelse, var Jesus borte frå sine. Disiplane kunne telle timar – for Jesus måtte det fortone seg som evigheiter delt opp i sekund av fysisk og mental lidelse. Og han klarte det.

Så kan me, i Jesu namn gje oss over til gleda som ingen kan ta ifrå oss og sjå at profetien frå Jesaia 54 som me høyrde før i gudstenesta framleis gjeld – og at det angår oss:

For om fjella vik og haugane vaklar,

Skal min godleik aldri vika ifrå deg,

mi fredspakt skal ikkje vakla,

Seier Herren, som viser deg miskunn.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Lesetekstar

Jesaia 54,7-10:

Ein liten augneblink forlét eg deg, men i mi store miskunn tek eg deg tilbake. Medan harmen fløymde, løynde eg andletet for deg ein augneblink, men med evig godleik vil eg miskunna meg over deg, seier Herren, som løyser deg ut. For meg er dette som Noah-flaumen. Slik eg svor at Noah-flaumen aldri meir skulle koma over jorda, slik sver eg no at eg aldri meir skal bli harm på deg og truga deg. For om fjella vik og haugane vaklar, skal min godleik aldri vika frå deg, mi fredspakt skal ikkje vakla, seier Herren, som viser deg miskunn.

Filipparbrevet 3,12-13:

Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus.

Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

Powered by Labrador CMS