Isak Negård med foreldre og fadrar.

Isak vart døypt

Preiketeksta i dag var om Johannes som døypte Jesus, og i Rindal kirke vart Isak Negård døypt.

Publisert Sist oppdatert

Sokneprest Lene Gåsvatn heldt preike over teksta om Jesu dåp.

- Her er Isak! Ta godt imot han, sa Lene prest.

Jesus blir døypt

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han.
14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»
15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville.
16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.
16
Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Særleg store er me ikkje før me oppdagar at det fylgjer litt anerkjennelse med å skulle glede mamma og pappa. Kanskje Storesøster Ingrid på nesten tre år har lært det allereie – at det kan vera lurt å gjera ting som gjer at mamma og pappa blir glade.

Så seier kanskje mamma eller pappa at – Ingrid, kor flink du er! Du er stor jente. Du får til så mykje. Du er så grei. Og mamma og pappa er så stolte av deg.

Den historia eg har lese om nettopp, er om ein gut som er vorten vaksen. Men det er noko av det same som skjer her – som det skjer heime hjå familien Lilleløkken Negård på Rindalsskogen når livet går på skinner og Ingrid er grei jente.

Og alle som er foreldre, steforeldre, besteforeldre, tanter eller reservetanter, onklar eller reserveonklar, kjenner nok godt att DEN følelsen som kjem når ein av dei me har fulgt tett på tek eit modig valg og gjer noko radikalt og rett.

Det kan vera at dei søkjer seg inn på eit studium me syns at passar for dei, at dei får seg ein jobb dei trivst i, at dei etablerer seg med ein kjærast som synest å passe framifrå, - og ganske mange bøndar har nok også opplevd ein slik glede når det kjem fram at eit av borna vil koma heim, ta over garden og verkeleg satse.

For oss tilårskomne er det så mykje glede i å fylgja opp desse som er yngre enn oss og sjå at dei tek – slik me ser det: Gode valg, basert på gode verdiar.

Den faren eg har lese om her, er svært så tilårskomen. Pensjonistalder er for ingen ting å rekne for han som har vore frå før verda vart til. Gud, vår himmelske far, er eldre enn alt – til og med eldre enn dei eldste trolla i skogen.

Og nå fylgjer han nøye med på kva som skjer med sonen sin, Jesus, som er vorten vaksen nok til å ta sine eigne valg. Kva vil Jesus?

Jau, han vil døypast! No er han komen til Johannes for å bli døypt. Og meir eller mindre motvillig let Johannes det skje. For Johannes syns at dette blir feil, at det blir heilt motsatt av korleis det skulle vore.

Men Jesus ser med eit lengre blikk – og han får det som han vil. Han har trumfesset i ermet: Lat det skje. Det må gjerast slik at all rettferdigheit blir oppfylt. Og så blir det.

Når Jesus stig opp av elva etter dåpen, klarer ikkje Far i himmelen å halde gleda si tilbake.

Når det gjeld pappa-gleden, får eg assosiasjonar til min eigen far. Han hadde to born, bror min og meg. Han som var eldst, hadde både høgskule og doktorgrad, og det var på langt nær nokon selvfølge at han og familien ville koma heim og ta over ein liten sauegard i Valdres. Men det ville dei, og slik vart det.

Eg har seinare fått høyre om at far min berre måtte reise på besøk til bror sin og fortelja om denne gode nyheita då det var bestemt. Han var visst sprekkferdig av glede, og han måtte berre få fortalt det til nokon.

Far vår i himmelen er langt meir effektiv når han skal fortelja om gleden sin. Han treng ikkje å køyre fleire kilometer for å få sagt ting – slik personleg. Gud gjer det på den enkle måten:

Han opnar himmelen, og så strøymer Guds Ånd ned frå himmelen som ei due og så blir det endå til lyd til: dette er sonen min som eg elskar. I han har eg gleda mi.

Så fint det er! No har Gud fått fortalt det til alle som kan sjå og høyre at her er det himmelsk glede i aksjon. Og den er ikkje akkurat lita.

I dette augeblikket kviler alt som heiter for håp og lengsel: Vårt håp og Guds lengsel.

Heilt sidan syndefallet, sidan døden kom inn i verda, sidan synda gjorde det vanskeleg å vera menneske, har Gud lengta etter fellesskap med oss som han skapte. Og det nytta ikkje.

Syndig og hellig går så dårleg i hop, uansett kor mykje folk prøver å dra seg sjølve etter håret og bli den optimale utgåva av seg sjølv. Ingen som snakkar sant om livet kan påstå at dei aldri går på trynet - .

Og så lenge det har funnest menneske, skapt i Guds bilde, har me bore i oss håpet om at det må finnast ein veg til Gud likevel, til tross for at me er som me er, til tross for at me er truande til litt av kvart.

Historia om Babels tårn er nesten like gamal som Gud, men akk så aktuell. Men uansett kor mykje me byggjer og klatrar oppover og oppover med eiga prestisje og gode gjerningar som byggstein og fundament, så held det ikkje. Byggverket vårt blir slike skjørt som me er det sjølve.

Difor var det nødvendig at Jesus blir døypt. Ikkje fordi han trengte det for sin eigen del, men fordi me trengte ein bror som bèr skulda vår og som bèr oss. Me treng nokon å leggja ifrå oss børene våre hjå.

Jesus vart født for å vera den som bèr. No er han vaksen og …. Gjer han som han har fått beskjed om, som ein lydig 3-åring?

Han gjer som han vil sjølv. Guds plan for å frelse oss menneske blir Jesu plan.

Dåpen ved Jordan er hans fyrste vaklande og usikre steg på vegen mot Golgata. Men han gjer det likevel – fordi han vil sjølv.

Og me stansar opp med dette store mysteriet som er pappa Gud sitt hjarte. Han proklamerer gleden over heile himmelen og seier at Jesus er den elskede, at han har sin glede i Jesus.

Likevel let han dette vonde skje med Jesus – med ei einaste hensikt: Oss. At me skal kunne vita at me er pappa Gud sine høgt elska ungar, at han har sin glede i oss.

Like etter preika no, skal me synge ein misjonssalme. Me skal synge om alt det fine me har fått når me fekk kristentrua – og om alt det fine me kan gje vidare til andre som enno ikkje veit at me har ein himmelsk Far med pappahjerte så stort at det rommar heile verda.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Amen.

Powered by Labrador CMS