Øverbøggrevyen:

Gulldryss over Øverbøggrevyen.

– Denj så he de gauast vinnj!

Publisert

Det er iallfall mottoet på Sagdammen diskogolfpark. Øverbøggrevyen er tilbake etter koronapausen, og for eit comeback! To fulle hus i Sagatun fekk møte gamle kjente og nye både nummer og aktørar.

På scena var Øyunn Fugelsøy, Trond Ivar Fiske Pedersen, Silje Beate Gulbrandsen, Gøran Bolme, Bjørn Moen, Nils Inge Aasgård, Jorund Talgø, Kristian Nerland og Randi Fiske Pedersen.

Lys: Knut Arne Fiske Pedersen. Lyd: Rune Dalager. Desse to gjorde ein framragande jobb. Musikarane: Lubomir Alexandrov, Per Holten og Kristen Røe utgjorde eit fengande og presist orkester.

Margrethe Svinvik overrekte sjekk til Øverbøggrevyen.

Primus motor for Sagatun, Hugo Pedersen ønskte velkomen og informerte i kjent stil om rømningsvegar og slikt. Midt i vart han vist til sida av revygjengen. Han er tross alt berre varaordførar, og inn på scena kom ordførar Margrethe Svinvik. Ho overrekte fem tusen blanke kroner til Øverbøggrevyen i Sagatun.

Trond Ivar Fiske Pedersen og Øyunn Fugelsøy i «Protest mot revyen».

Det er bra golvet nyleg har vorte forsterka så det tålte trampeklappen og applausen frå første til siste nummer. Tradisjon tro starta revyen med ekteparet som er glad det har vore koronatid og revypause, medan det viser seg at ho er veldig glad for at dei likevel skal på Øverbøggrevy.

Nils Inge blir «åvvåbye».

Vi har sett Nils Inge Aasgård i samspel med Gøran Bolme og Kristian Nerland før, og no vart han introdusert for revyfestreglane. Etter denne revyinnsatsen er han å rekne som fullverdig «åvvåbye». Vi fekk sjå korleis Mosokna vart til med Silje Beate som Vårherre og Gøran Bolme som noterte og skulle utføre verket. Det vart sjølvsagt perfekt! Neste post var å skape Rindal og Todal, men det såg han litt mørkt på.

Vårherre skapte Mosokna.
Covid i Rindal.

«Kjovid-kjontoret frammi gjara» fiksa på statistikken for å halde Rindal på null i antal smitta. Denne triksinga hadde kosta dyrt, så regnskapstala vart deretter. Til alt overmål hadde ein av dei vore på handel på Skei. Når han fekk symptom som han framførte så truverdig han måtte ha vore dårleg, tok den andre brutal affære så Rindal held på nullen. Godt spela av Bjørn og Trond Ivar.

Leiteaksjon der den sakna leita etter seg sjøl.

For stavgangarane var ikkje det å nå toppen å stå ved ein varde. Nei, her gjaldt det å få teke bilde og hamne på topp på Trollheimsporten. Øyunn syng om kor vanskeleg det er å invitere til stort selskap når det er så mange nye hensyn å ta. Både med intoleransar, religion og miljø. På Honnstadkulen er det så dårleg mobildekning at verken far eller mor fekk beskjed når guten var fødd. Og vi kjente oss vel alle att i søppelsorteringa sine gjenvordigheter.

Stavgangarane som skal på Trollheimsporten.
Øyunn syng om kompliserte middagsselskap.
Trøbbel med søppelsortering.

Prikken over i-en og prikken over j-en var eit par vi aldri eigentleg har tenkt på og forventa å møte. Det viste seg at førstnevnte har betydeleg meir oppdrag enn den andre. I-en fekk ikkje mindre å gjere etter han skaffa seg campingvogn i Romsdalen medan j-en satsa på det litt treigare markedet på Toten. Både Gøran og Nils Inge innehar ein uslåeleg timing.

Trond Ivar køyrer og Kristian sitt på.

«Rødt ljøs» er ein klassiker der kaill’n i topphuve køyrer og kjærringa i grøn fløyelskjole, solide krøllar og frodig skjegg sitt på og er bekymra når dei må stoppe for rødt ljøs. Når ein ser kjærringa som sitt på her så ser vi kven som kan ha vore modell til forskjellige altertavler og maleri.

– E tru vi lyt snu.

Dette har vorte eit ordtak i Øverbøgd’n. Etter å ha forsert lysregulering i Rindal, på Åmot, og to på Røv, fekk fruen ønsket sitt oppfylt. Sjåføren gav opp og ho sukka henført.

– E he alljvæg drømt om å snu på Skarmo.

Så var det på’an igjen med raude ljøs oppover att dalen.

Ekteparet på tur oppover bygda igjen.
Prikken over i-en og j-en.

Vi fekk igjen sjå gammelkarane som nok har vorte enda eldre sidan sist. I ØSIL-trimmen er det ein tendens til at det er dei same navna som blir uttrekt som vinnar. Vi har trudd det var fordi dei gjekk flest turar, men så skuldast det altså at det ikkje er laga kart over trimpostane før no.

Gammelkarranj .

2022 har vore Frivillighetens år. Øverbøggrevyen hadde med to nummer der dei dro fram kor mange som bidreg til at det blir arrangert festa og revy i Sagatun. Trond Ivar parodierte sin far, Hugo så han var omtrent betre enn orginalen. Eit rørande innslag var når Silje Beate og Gøran song vakkert ilag og hedra tre som har stått på i alle år i Sagatun. Nikoline Gridsvåg (Nekke) har administrert billettsalg og vore mykje på kjøkkenet, Jarle Moen har stått i mørket og lyssatt scena og gjort mange vendingar. Kona hans Anne Marie Moen har vore sjølvaste Mor-Sagatun og både trøsta og stramma opp mang ein ungdom. Alt etter kva som trongst. Det er sjølvsagt mange andre som og kunne vore nemnt, men desse fortente kvart eit ord.

Fengande og rørande musikkvideo.

Øverbøggrevyen har fått laga ein feiande flott musikkvideo som det anbefalast å sjå. Tittelen på songen er «Det brusa ti ØSIL-blod».

Joli-flagdet svaiar ved alle store høve.

Ein anna klassiker vi fekk sjå er «Bøgda ronjt». Denne gongen var det Vibeke Langli som skulle prøvesykle ruta før ho starta i ny jobb i Surnadal Kommune på nyåret. Ho vart såpass borthefta av alle slags «åvvåbye» at ho ga opp, sykla over Korsabrua og oppatt nordsida. Vi får tru det går betre når ho skal trø opp og ned dalen som økonomisjef. Dette innslaget hadde mange gode parodiar og vi vil nemne Silje Beate som tok både Tove på Røv og Nanna Ranes på kornet.

Bøgda ronjt med Vibeke Langli på sykkel.

Til slutt kom den kjente Sagatun-songen om guten som ikkje har det så greitt før jenta finn han bak huset og får han med på dans. Dette er ein trampeklapp-song som sett stemninga for resten av kvelden, der Norfolk spellar opp.

Denne revyen utmerka seg med mange gode songarar og songnommer. Etter ein slik kveld kjennes det lenge ut å vente to år til neste Øverbøggrevy.

3.juledag i Sagatun var det både publikum og Øverbøggrevyen som vann.

– Denj så he det gævvast vinnj.
Powered by Labrador CMS