En mann som står foran et hus. På veggen henger et skilt der det står 'BONDEHUSET'
Bernt Venås står på andreplass på Kyst- og distriktslista ved fylkestingsvalet til hausten.

Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal er klar til fylkestingsvalet

– Etter valet i 2021 hadde vi store forventningar om ein betre distriktspolitikk. Sett bort i frå eit godt landbruksoppgjer, er der framleis mange saker som står att for Distrikts-Noreg.

Dette seier fylkestingsreprentantane Bernt Venås og Bjarne Kvalsvik. No stiller dei felles liste til fylkestingsvalet 2023 med namnet Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal (KDL). Med seg på laget har dei ei rekkje sterke namn frå store delar av fylket.

Dei kjem frå kvar sin ende av fylket. Bjarne Kvalsvik kjem frå Kvalsvika i sør og fungerer no som ordførar i Herøy kommune, medan Bernt Venås har no i siste periode site i fylketinget og i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Lokalt i Surnadal har han vore medlem i kommunestyret i 20 år.

Vil leggje til rette for levande bygder

Ingeborg Singsdal kjem opprinneleg frå Sunndal, men bur no i Haram og står på tredjeplass på lista. Saman med Liv Sæter Myskja på fjerdeplass, brenn dei for arbeidet med å oppretthalde og leggje til rette for levande bygder.

– Fleire tenester er dessverre trua. Difor blir dette arbeidet desto viktigare for framtida til etterkomarane våre. Dette gjeld mellom anna helsetilboda og skulane våre. Etter nøye overvegingar er vi samde om at tida med fogderilister er over. Kyst- og distriktspolitikken må få betre vilkår enn det som har vore til no.

No legg dei opp til ei fellesliste for heile Møre og Romsdal. Det er gode folk frå heile fylket som no ser at vi er nøydde å dra dette i ei ny retning, skriv KDL i si pressemelding.

– Vi skal arbeide for betre vilkår for små og mellomstore bedrifter langs kysten og i distrikta, seier også ordførar Bernt Brandal frå Hareid som står på femteplass på den nye lista til fylkestinget.

– Vi kjenner på at stadig færre forstår og legg til rette for den avgjerande verdiskapinga som skjer i Kyst- og Distrikts-Noreg. Dette ynskjer vi å gjere noko med. Dei som står på lista er engasjerte personar som ynskjer å løfte dette opp på dagsorden.

Står saman

– Etter 28 år i lokalpolitikken og 12 år i fylkespolitikken ser eg heilt tydeleg at måten å få til noko er eit godt samarbeid om sakene på tvers av grupper og parti i heile fylket vårt. Eg trur folk ser at det er mogleg å få til mykje sjølv om ein er ei lita gruppe, seier Bjarne Kvalsvik, og held fram:

– Anten det er pengar til veg, bruer, ferjer og samferdsel – eller om det er helsetilboda, rehablilitering, fødetilbod eller vidaregåande opplæring, må vi stå på for at det ikkje forsvinn i sentraliseringa.

Han slår fast at balansen mellom distrikta og sentrale strøk er viktig for gode levevilkår for folk og næringar.

– No har Sunnmøre og Nordmøre akkurat same problemstillinga i høve sjukehusa. Då lyt vi stå saman. Vi ønskjer ikkje ein situasjon der vi blir sett opp mot kvarandre. Nedbygging av tilboda i bygdene stoppar oss frå å ta heile Noreg i bruk og fremjar fråflytting frå bygdene våre. Heile Møre og Romsdal har store samferdslesaker som skal takast stilling til dei neste åra. Her er det om å gjere at vi kjem i gang med Todalsfjordkryssinga så snart som råd. Andre viktige prosjekt ventar i køa, avsluttar Kvalsvik.

Kyst- og distriktslista for Møre og Romsdal, liste til fylkestingsvalet

Nr. Namn på kandidat, fødselsår, bustad

1 Bjarne Kvalsvik 1955 Herøy

2 Bernt Venås 1957 Surnadal

3 Ingeborg Singsdal 1988 Haram

4 Liv Sæter Myskja 1963 Sande

5 Bernt Brandal 1966 Hareid

6 Svein G. Monsholm 1957 Volda

7 Astrid Dorte Brandal 1964 Vanylven

8 Jan Magnar Sandvik 1960 Sula

9 Markus Nygård 1992 Midsund

10 Dagny Brekke 1957 Sande

11 Pravin Selva 2003 Hareid

12 Øystein Orten 1984 Aukra

13 Asgeir Nogva 1973 Ålesund

14 Ingunn Pettersen 1969 Herøy

15 Sindre Olav Kvangarsnes 1964 Volda

16 Åshild Johanne Hilde Brandal 1944 Sula

17 Kristian Fuglseth 1976 Hareid

18 Frank Roy Moltu 1967 Herøy

19 Annika Hove 1981 Hareid

20 Bjørnar Kleiven 1964 Ulstein

21 Marie Tholvsen Nygård 1966 Midsund

22 Kjetil Nesset 1965 Hareid

23 Kaja Runde 1956 Herøy

Powered by Labrador CMS