Formannskapet i Surnadal kommune:

Tre personer i et møterom.
Ordførar Hugo Pedersen, settevaraordførar Silje Beate Holten, og Jorid Aarvåg (Ap) som la fram formannskapet sitt felles forslag til endringar i innstillinga.

Politikarane vil ikkje endre skulestrukturen

Formannskapet i Surnadal hadde møte tysdag denne veka. I møtet behandla dei mellom anna ei omfattande sak om budsjettregulering, der kommunedirektøren la fram ein del forslag til mulege innsparingar. Fram mot møtet kom det ein del reaksjonar på forslaga om mulege endringar i skule- og barnehagestrukturen, men det var alle politikerane imot.

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektøren har tidlegare fått i oppdrag av kommunestyret å legge fram forslag til mulege innsparingstiltak, både på kort og lang sikt. I saksframlegget til formannskapet i budsjettsaka kom kommunedirektøren derfor med ei rekke forslag til tiltak som skal gje innsparing av kostnadar, eller gje auka inntekter.

Fram mot formannskapsmøtet kom det mange sterke reaksjonar på forslaget om å sjå på mulege endringar i skule- og barnehagestrukturen i kommunen, mellom anna frå FAU ved Mo oppvekstsenter og og FAU ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.

I formannskapsmøtet tok mange av politikarane ordet i saka, og ingen av dei var villige til å slå saman barnehagar eller skular. Politikarane i formannskapet arbeidde seg etter kvart fram til eit felles forslag til liste over mulege innsparingstiltak, altså ein del endringar frå kommunedirektøren sitt forslag. Punktet om endring i tenestestrukturen innafor Oppvekst vart teke ut. Eit av forslaga som var vart lagt til var evaluering av politisk struktur, inkludert storleiken på kommunestyret.

Formannskapet gjorde eit einstemmig vedtak, og saka går vidare til kommunestyret. Protokollen frå møtet, med heile formannskapet sitt vedtak, blir etter kvart publisert på Surnadal kommune si heimeside.

På Kommune-TV kan ein no sjå opptak frå heile møtet. 

Powered by Labrador CMS