Kommunestyret i Surnadal:

Fleirtalet vil ikkje ha undersjøisk tunnel

Publisert Sist oppdatert

Formannskapet i Surnadal vedtok tysdag ei innstilling til kommunestyret, med tilråing om ein lang undersjøisk tunnel under Todalsfjorden. Innstillinga vart vedteke med Sp sine røyster og setteordføraren si dobbeltstemme i formannskapet. Vedtaket vart underkjent i ettertid, fordi det var tre ulike forslag, og desse skulle etter gjeldande røystereglar ha vore sett opp mot kvarandre i to omgangar, slik at ein endar opp med eit forslag med fleirtal.

Etter ein lang diskusjon i kommunestyret tysdag kveld vart tre ulike forslag lagt fram for votering. Rakel Polden (Ap) la fram forslag om å tilrå at fylkeskommuen prøvar å finne ei anna løysing for fjordkryssing, eller vurderar å satse på oppgradering av den eksisterande vegen og ferjesambandet. Ho fekk støtte frå mellom anna Eli Vullum Kvande (MDG), som fremma eit liknande forslag i formannskapsmøtet tidlegare på dagen. Dette forslaget vart sett opp mot dei to andre alternativa (ref. formannskapsmøtet), og fall med 5 mot 22 røyster.

Dermed var det to forslag som sto att, og desse to vart sett opp mot kvarandre. Forslaget frå Sp, å stille seg bak fylkeskommunedirektøren sin innstilling om lang, undersjøisk tunnel, fekk 11 røyster. Forslaget fra Ap/Høgre/SV, å tilrå den tidlegare skisserte løysinga med bru og kortare tunnel, fekk fleirtal med 16 røyster.

NB, atterhald: Referatet er basert på direkteoveføring via kommune-TV. Direktesendinga vart brått avslutta rett etter at resultatet av røystinga var lese opp.

Powered by Labrador CMS