Politiet i Møre og Romsdal melder (oppdatert kl 19.01):

Turgåar fekk hjelp av Røde Kors på Nordmarka

Publisert Sist oppdatert

Kl 18.11 måndag kveld meldte politiet i Møre og Romsdal om at dei var i kontakt med ei kvinne som hadde vorte overraska av tåke og mørke medan ho var på tur på Nordmarka i Surnadal. Politiet hadde kontroll på kvar kvinna var, og Røde Kors var på veg ut for å hjelpe ho tilbake til stien og bilen.

Kl 19.01 var mannskap frå Røde Kors er framme hos kvinna. Ho var i fin form og vart frakta tilbake til bilen sin.

Powered by Labrador CMS