Refleksjon Skjærtorsdag

Ikon frå Egypt

Kveldsmat til Judas og oss.

Krangel ved bordet er ein uting. Dette veit nok disiplane òg, men dei klarer ikkje å styre seg når Jesus konfronterer dei: Ein av dykk som sit her, skal svike meg.

Publisert Sist oppdatert

Meir skal det ikkje til for å laga trette og ufred. Men alle får når Jesus deler ut dette me kallar for nattverd. Også Judas, sjølv om han er gjennomskua. Endå til eit forræderi stengjer ikkje nokon Iskariot ute frå fellesskapet menneskeslekta består av: Syndarar som treng nåde.

Det er Skjærtorsdag og fest for å feire Israelsfolket si utferd frå Egypt meir enn 1200 år tidlegare. Dei feirar fridomen frå trældomen Farao stod bak, dei feirar alt som er godt og fint. Så, mens dei sit der ved bordet, deler Jesus ut av brød og vin. Han talar om dette er siste gongen han drikk vin før Guds rike er kome. Og brødet, det er rett og slett kroppen hans. Den blir gjeven for dei som sit der. Ta for dykk, et og drikk, seier han som byr på seg sjølv til Peter, Johannes, Thomas, Judas, Levi, dei andre der og oss her.

Me kan ikkje feire Skjærtorsdagsgudsteneste i kyrkjene slik som me hadde planlagt. Ikkje i år heller. Så får Jesus heller finne andre måtar å nå oss på – om me gjer oss tilgjengelege. Bibelen må gjerne opnast denne påskehelga òg. Slår me opp på bibel.no, er det enkelt å finne tekstane for kvar av helgedagane. Påskesalmane er i høgste grad syngbare, uansett om me står for songen sjølve eller om me finn dei på YouTube eller Spotify. Og så er det noko med denne Anden me fekk ovantil, den som kan opne opp for heilage impulsar i tanke og sinn gjennom bøn og meditasjon. Den himmelske ressursbanken er alltid open og der er det stadig meir å hente.

Gudsteneste for Skjærtorsdag frå Rindal kirke finn du her frå kl.19.30!

Digital gudsteneste frå Ranes kyrkje. Direktesending kl.19.30 her!

Tekstane for kyrkjeåret finn du på bibel.no.

Preiketekst Skjærtorsdag frå Lukas 22:

14 Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» 17 Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk. 21 Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. 22 Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!» 23 Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Luk 22,14-23

Nattverden. Tresnitt frå Oberammergau, Tyskland.
Powered by Labrador CMS