Kjell Gunnar Polden, her saman med instruktør Linn Benjaminsen under ein tidlegare sommarleir, er glad for at det no er klart at det blir sommarleir i Surnadal i august.

Får grønt lys for sommarleir for vaksne

Under eit møte med kommuneoverlege Bjørn Buan onsdag, vart det klart at Surnadal NTN TaeKwon-Do Klubb og Nordmøre Folkehøgskule får arrangere sommarleir for vaksne 1.-6. august - med nødvendige smitteverntiltak og -restriksjonar.

– Det er viktig at vi kjem i gang igjen, slik at Surnadal ikkje kjem vekk som leirstad, seier primus motor Kjell Gunnar Polden i Surnadal NTN TaeKwon-Do Klubb.

Han fortel at det i møtet med kommuneoverlegen vart gjeve klarsignal for ein leir med eit tak på 200 deltakarar, der alle i utgangspunktet skal vere fullvaksinerte.

– Så vert det opna for deltakarar som har teke ein dose av ei godkjent vaksine, dersom det er minst 14 dagar sidan. Då vil dei verte hurtigtesta av Midtnorsk HMS-senter, seier Polden.

Arrangørane har allereie både plan A, B og C klare, når det gjeld korleis ein skal gjennomføre leiren, reint praktisk.

– Utøvarane får bu der dei vil. Vi tek inn ein del på folkehøgskulen, og det er allereie mange som har bestilt seg hotellrom. Det blir som med andre turistar, berre at vi set krav til vaksinering. Så det er strengare å delta på sommarleir enn å komme hit på ferie, seier Polden, og fortsett:

– Når det gjeld treninga kjem vi til å bruke litt ulike salar. Vi har to på folkehøgskulen, og vi brukar idrettshallen. I tillegg satsar vi på å vere mykje ute, og eg ser ikkje bort frå at vi kanskje legg opp til fjellturar og liknande.

Stort arrangement, men mindre enn vanleg

Plan B trer i kraft dersom det kjem restriksjonar, som gjer at ein må gå tilbake til å trene utan kontakt.

– Men vi klarar det og, seier Polden.

Som i resten av landet, er sommarleirane for barn og ungdommar i Surnadal avlyste.

– Det er lenge sidan vi såg at det ikkje let seg gjennomføre i år, men eg håpar vi kan komme i gang med dei igjen i 2022. Det hadde vore artig, seier Polden.

På det meste har vaksenleiren til Surnadal NTN TaeKwon-Do Klubb hatt 450 deltakarar, og i eit normalår ligg talet på om lag 340-350. Med eit tak på 200 blir det dermed ein noko mindre leir i 2021.

– Det er artig at vi kjem i gang igjen, og det blir eit stort arrangement, som varar over mange dagar. 200 deltakarar er mykje folk, sjølv om det er mykje mindre enn vi er vante med, seier Polden.

Gode føresetnader i Surnadal

Han er klar på at forholda i Surnadal ligg godt til rette for å gjennomføre eit arrangement med låg smitterisiko.

– Vi har god plass rundt oss her. Og tidlegare har vi hatt 300 personar i idrettshallen samtidig, no blir det kanskje litt over 100. Eg trur få klarar å handtere dette like godt som vi gjer her, med tanke på smittevern, seier han, og legg til:

– Nordmøre Folkehøgskule har og køyrt eit heilt skuleår utan smitte no, så vi er gode på dette. Det er alltid ein restrisiko for smitte, men den er låg her i Surnadal.

Polden ser i sosiale medier at folk allereie gler seg til det mange i TaeKwon-Do-miljøet reknar for å vere årets høgdepunkt.

– Ein god del har signalisert at dei ville komme hit på ferie uansett. Dei har tenkt å bruke ferien sin i Surnadal, slik dei er vante med, og enkelte har lagt ut bilete av seg sjølv etter at dei har fått vaksine, med teksten «Sommarleiren er redda!», seier han.

Powered by Labrador CMS