Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:

Kvister av et tre, alm, med grønne blader og blomster, mot blå himmel.
Alm er ein sterkt truga art som veks i Bøverdalen.

Vern av skog i Bøverdalen

Statsforvaltaren høyrer eit framlegg om vern av naturreservat i Bøverdalen i Surnadal kommune. Området ligg inst i Bøverdalen, og utgjer 1.730 daa.

Bøverdalen har varierte skogtypar. Hovuddelen er ei stor bekkekløft. I botnen av denne er det flomskogsmark, ein truga naturtype. I området er også beiteskog, gammal furuskog og gammal, boreal lauvskog. Her er eit stort mangfald med raudlisteartar, skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på sine nettsider.

Framlegget er basert på tilbod om frivillig skogvern frå grunneigarane, og det er tilbydd gjennom skogeigarforeininga ALLSKOG. Utgreiingane viser at vern av området ikkje har nokon negativ verknad på skognæringa, verken lokalt eller regionalt.

Fristen for merknader og innspel er 27. juli 2024.
Les meir på Statsforvaltaren si heimeside.

Powered by Labrador CMS