Sivertvarden er vel verd eit besøk. Utsikta herifra er formidabel.

Turstiane på Torvikfjellet ferdig merka

Dei flotte fjellområda mellom Torvika og Stangvika er no gjort enda meir tilgjengeleg for turfolket.

Publisert Sist oppdatert

Randi Lysø og Svein Aarnes har dei siste åra lagt ned mykje arbeid med å merka turstiane på Torvikfjellet. Sist fredag vart ein liten milepæl passert i så måte. Då vart stigen frå Nestusetra til Strengaløå og vidare til Sivertvarden merka opp og skilta.

Nymerking og oppfrisking

I tillegg til nymerkinga, vart merkinga av stien frå Sivertvarden og over til Engellivarden og vidare til Altertjønnin gått over og friska oppatt med ny farge. Det vart samtidig sett opp skilt merka Torvik ved vintermerkinga til Strengen, sik at turgåarar i området no har fleire merka turmål å velge i eller kan prøve gå ei lengre rute om ønskeleg.

Det er greit å ta med at det frå før er merka sti frå setrene i Torvik til Middagssteinen og Storsetra. Det er dessutan merking frå turboksen på Storhaugen fram til Storsetra. Merkarane har sett opp kassar der folk kan registrere turen i turboka, både ved Middagssteinen, Storhaugen, Torviksetrene, Strengaløå, Sivertvarden og Engellivarden. Det finst vidare turkassar med bok ved Holtavarden og Litlstrengen som andre har sett opp tidlegare.

Vi som har merka desse stiane i området, håpar folk vil finne greit fram og nytte seg av stinettet framover, både i haust og kommande tursesongar, - sommar som vinter. Det er ikkje tvil om at det finst utruleg mykje fin fjellnatur i Surnadal kommune, til bruk for oss alle.

Strengaløå sig sakte men sikkert saman, slik mange liknande bygningar frå fortida. Men enno lever historiene om dei som arbeidde her for nokre mannsaldrar sidan.

Minner frå seterlivet

Ei litt artig poeng å nemne i samanhengen er at mor til Randi, Karen Mikkelsen (f. Hamnes), var med som onnataus på Strengaløå då dei slo marka der i 1940. Strengaløå framstår ikkje som den gongen, men ein kan også i dag ta ein kvil eller raste ved det som er att av dei gamle vêrbitte stokkane.

Ei anna historie knytt til Strengaløå, er denne: Eli Aarnes, fødd Bæverfjord og frå Sjøheim, fortalde at ho rasta ved denne løa då ho var på saueleiting saman med svogeren sin Ola Høgheim i 1918. Det var mindre enn to veker før yngste sonen hennar Magnar vart fødd. Det gjekk bra, sa Eli, for svogeren min gjekk framfor meg og sa nett kor eg skulle gå. Sauene fann vi óg. Denne historia fortalde Eli til Svein Aarnes i gravferda til Svein Hamnes. Svogeren hennar Ola var for øvrig gift med Marit Bolme frå Bursøya i Rindal.

Diktet om ei løe

Kanskje kan dette diktet, skrive av Grete Moen Aarnes, inspirere turgåarar til å utforske stiane, og ikkje minst seterstølar og løer i nærområdet, før siste stokken fell ned.

Merkarane ønskjer alle god tur og håpar at vandringane i dette flotte området vil gi påfyll for kropp og sjel.

Stilt vitne

Eg kom til ei gammel løe

langt i frå folk og veg

Det lyste på vêrslete tømmer

Eg gjekk dit med varsame steg

Eg sette meg ned i gluggen

La panna mot gråe veggen

Eg lytta og kjente ei skjelving

som førte meg langt atti tida

Så tala ho stille til meg

og tok meg på vandring i arven

Ho tala om flittige hender

Ho tala om krøkte ryggar

Ho tala om slit og ståk og lått

om sommar og sol

om klegg og knott

om mat i gryte og svoltne born

om regn og kalde netter

da dogga vart til rim

Så far laut ta av seg trøya

og breie på småguten sin

Ho tala til meg om kjærleik

når strevet med dagen var slutt

Ho tala om kvardagsheltar

med mot til å halde ut

Så kviskra ho stille til meg

om månelys vinternatt

Ho stod der og vakta høyet

da høyrde ho mannemål att

Og sleden som mannen førte

vart lasta og surra med reip

Rypa fraus fast i kjerret

Snoen frøste og kulden beit

Månen var lykt og stjernene lys

da mannen steig opp i skåka

la seg i selen, drog og sleit

Den lasta ho lånte mannen

vart berging for liv så mang ein gong

No såg ho han sette utfor

og høyrde at meiane song

Dei song om den vonde natta

da lasset vart lite og løa vart tom

Dei visste det godt nok båe

at fôrløysa tidsnok kom

Slik står ho der stille og vitnar

og lyser med vêrslete tre

Til lyng og småskog tek over

Når siste stokken sig ned

Grete Moen Aarnes

Frå samlinga Glimt (2019)

Alle bilda i bildeserien nedanfor er teke av Svein Aarnes:

Strengaløå sig sakte men sikkert saman, slik mange liknande bygningar frå fortida. Men enno lever historiene om dei som arbeidde her for nokre mannsaldrar sidan.
Altertjønnin er ein av mange idyllar i området. Stimerkinga er no oppfriska i området frå Sivertvarden, via Engellivarden og hit.
Sivertvarden er vel verd eit besøk. Utsikta herifra er formidabel.
Fleire nye turbøker er lagt ut i kassane som er sett opp langs ruta. Her frå Strengaløå.
Strengaløå er eit av stoppunkta langs stiane på Torvikfjellet.
Mange set pris på at turstiane er merka. Her eksempel frå ny merking på Torvikfjellet.
Det er ei flott utsikt mot mellom anna Hamnersfjorden og Vargøye når ein kjem oppå brona.
Frå Engellivarden, nok eit utsiktspunkt langs stiane.
Langvatnet ein godversdag i august 2021.
Ved vintermerkinga til Strengen er dette skiltet sett opp, og viser veg ned til Torvik.
Powered by Labrador CMS