Yggdrasil-TREffet 2023

Med fokus på framtids­skogbruket!

 – Vi har fått på plass eit program som speglar dei utfordringane og moglegheitene framtidsskogbruket og trebransjen står ovanfor, og vi både håpar og trur vi vil trekkje deltakarar frå fjern og nær til Surnadal kulturhus 2. november!

Ein entusiastisk leiar i Surnadal skogeigarlag, Alf Bjarte With Aasgård, kan no stolt offentleggjere programmet for – og opne påmeldinga til – Yggdrasil-TREffet, Midtnorsk skog- og trenæring. Dette skriv Surnadal skogleigarlag i ei pressemelding.

– Eit treff for alle 

– Vi har brukt mykje tid og planlegging for at denne første utgåva av Yggdrasil skal bli så bra som mogleg, og med det fagleg sterke, inspirerande og til og med underhaldande programmet vi har snekra saman, er vi trygge på at Yggdrasil skal slå skikkeleg rot i Surnadal, som eit treff for alle som arbeider med eller har interesse for skogen. 

Framtida raud tråd 

Aasgård kan skilte med ei skogbransjens gullrekkje av foredragshaldarar frå mellom andre Sabima, Nibio, NMBU, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Allskog og Norges Skogeierforbund, med tema frå korleis skogen taklar eit dynamisk klima, korleis framtidas driftsformer kan sjå ut, EUs nye skogpolitikk, til nye forretningsområde for meir vidareforedling av skogressursane våre, i Noreg. 

– Den raude tråden vil vere framtidsskogbruket, og det er viktig å bruke dei erfaringane vi har, positive som negative, når vi utformar nye driftsformer, seier Aasgård. 

Thor Gotaas kjem! 

Ein som gjerne heller ser attover er forfattar, folklorist – og skogplantar – Thor Gotaas, som under Yggdrasil vil prate på inn- og utpust om skogens tradisjonelle rolle som «toppidrettsenter», spesielt for norske langrennssløparar frå 1800-talet og fram til moderne tid. 

— Gotaas er levande oppteken av både skog og skisport, så dette kulturelle bidraget gler vi oss stort til, seier Aasgård, som har sikra seg stortingsrepresentant – og skogglad surn’daling – Jenny Klinge som konferansier gjennom dagen.

Powered by Labrador CMS