Rektor Hilde Andersen (f.v.), Mari Vattøy, Gerd Inger Gaupseth Stenberg, Kristin Holten, elevrådsrepresentant Rebekka Mikkelsen og Ståle Sæterbø er klare for å markere Surnadal vidaregåande skole sitt 50-årsjubileum.

Ønskjer velkommen til 50-årsfeiring

I august var det 50 år sidan yrkesskulen, som no er Surnadal vidaregåande skole, starta. Komande veke skal det markerast med brask og bram, og skulen håpar både næringslivet og andre vil ta del i feiringa.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 24. og torsdag 25. november blir det ei innhaldsrik markering av at Surnadal vidaregåande skole er 50 år i 2021.

Kristin Holten, Mari Vattøy, Gerd Inger Gaupseth Stenberg og Ståle Sæterbø i jubileumskomiteen har laga eit flott, inkluderande opplegg, der både noverande og tidlegare elevar og tilsette, næringsliv, samarbeidspartnarar og bygdefolket får ta del i jubileet.

I løpet av skuledagen onsdag 24., vert det heldt jubileumsmarkering for elevane som går på skulen no. Då vert det puljevis feiring i kantina, med pølse og brød, saft, kaffi og blautkake.

På kveldstid same dag er det klart for jubileumsmiddag – også det i kantina. Alle noverande tilsette, pensjonistar, representantar frå elevane, Indre Nordmøre Opplæringskontor, skulekantina og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune er inviterte til seansen. Det blir program, mellom anna med musikalsk innslag frå elevar ved skulen, og Hammerstuene står for middagen.

– Oppslutninga har vore veldig god, og vi ligg an til å bli rundt 70 personar på jubileumsmiddagen. Blant dei er skulen sin første rektor, Jon Birger Drøpping og skolens første lærar, Solveig Andreassen, som i si tid vart tilsett med stillingstittelen «lærarinne», seier Mari Vattøy.

Ho fortel at det er heilt bevisst at heile feiringa er lagt til skulen:

– Det er noko med stemninga, og for mange, spesielt tidlegare elevar og tilsette, er det ekstra stas å komme tilbake til skulen for å sjå korleis det er her no.

– Ikkje fått invitasjon? Ta kontakt

Feiringa av at det er 50 år sidan oppstarten i august 1971, fortsett torsdag 25. november. Skulen har nemleg sendt ut invitasjonar til næringslivet og samarbeidspartnarar i både Surnadal, Rindal, Sunndal og gamle Halsa.

Dei vert invitert til ein seanse med program, kaffi og kaker torsdag klokka 12. Her er det i skrivande stund 30 påmeldte.

Skulen ønskjer førehandspåmelding til denne delen av jubileumsfeiringa.

– Vi har plass til mange fleire, og håpar folk vil feire med oss, understrekar jubileumskomiteen.

Skulen har fått hjelp frå administrasjonen i kommunane med å få oversikt over næringslivet, men er klare på at også dei som ikkje har fått invitasjon er velkomne.

– Ja, vi er redde for at nokon skal gleppe for oss. Så viss det er nokon som ikkje har motteke invitasjon på e-post, vil vi understreke at også dei er kjempevelkomne, så berre ta kontakt, seier Mari Vattøy.

Rektor Hilde Andersen (t.v.) og elevrådsrepresentant Rebekka Mikkelsen (nr to frå høgre) saman med jubileumskomiteen: Mari Vattøy, Gerd Inger Gaupseth Stenberg, Kristin Holten og Ståle Sæterbø.

Ho får støtte frå rektor Hilde Andersen:

– Ja, dei som ikkje har fått invitasjon må komme. Dette er noko som verkeleg må feirast, seier ho, og legg til:

– Eg gler meg til å få endå nærare innblikk i historia til skulen. Det skal bli kjekt, og det trur eg fleire synst. Det vil nok bli tema både på festmiddagen og næringslivsopplegget. Eg trur dette blir veldig bra, både for elevar, tilsette og andre.

Komiteen er i full gang med å leite fram gamle bilete frå Nasjonalbiblioteket, samt gamle avisutklipp og bilete tilsette har teke.

– Vi har funne mykje artig, så folk får sjå og høyre litt historikk. Det er og viktig at vi brukar gode kontinuitetsbærarar, som til dømes Anna Ingeborg Nordvik, som blir med og fortel om skulen opp gjennom tida. Det er så viktig at vi tek vare på historia vår, seier Mari Vattøy.

Opnar skulen for besøk og omvisingar

Jubileumsmarkeringa vert avslutta med open skule torsdag, frå klokka 13.30 og ut skuledagen.

– Her krevst inga påmelding, og alle er velkomne, om det er naboar, foreldre, tidlegare tilsette eller elevar. Det blir servering av kaffi og kake, og moglegheiter for omvising, seier Mari Vattøy.

– Ja, ein høyrer det jo berre ein har foreldre innom på foreldremøte eller -samtale, at dei gjerne utbryt «Oj, er det slik det er her no?». Det er artig for folk å sjå korleis ting har endra seg, seier Ståle Sæterbø.

– Så her må folk må berre bli med, både på næringslivsopplegget og open skule etterpå, seier Kristin Holten.

Powered by Labrador CMS