Møre og Romsdal fylkeskommune

En mann i arbeidsbukse som står ved nylagt asfalt.

Ny asfalt på vegen over Nordmarka

Møre og Romsdal fylkeskommune har signert kontraktar med NCC for asfaltlegging i Møre og Romsdal i 2024. 

Publisert Sist oppdatert

Det var utlyst to kontraktar – ei for fylkesvegane i Nordmøre og Romsdal og ei for Sunnmøre. NCC Industry AS vann konkurransen om desse og har nyleg signert begge kontraktane, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

- Vi har prioritert fylkesvegar som får asfalt i 2024 innafor dei rammene vi har tilgjengelege, og ut frå dei vi meiner er viktigast knytt til trafikktryggleik, trafikkmengd og funksjonsklassa til vegen, seier seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye.

Kontraktane er eittårige og har ein verdi på til saman 123 millionar kroner.

Blant vegstrekingane som blir prioriterte i år er fv65 over Nordmarka i Surnadal, der det skal leggast ny asfalt på ca. 5,7 km. Dette ser ut til å vere den einaste strekningen i Surnadal kommune som får ny asfalt i år.

Sjå fylkeskommunen si plan for asfaltering i år på fylkeskommunen si heimeside.

Et kart, der en vegstrekning er markert.
Kart henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune sin heimeside.
Powered by Labrador CMS