Kvanne

Endringar i parkering på Kvanne ferjekai frå denne veka

Det føregår byggearbeid på Kvanne ferjekai. Grunna behov for tilkomst blir det gjort nokre endringar i parkering, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Parkeringsområdet langs vegen ovanfor ferjekaia blir utvida med fire plassar, medan dei tre parkeringsplassane nærmast ferjekaia blir fjerna for ein periode. I tillegg er det mogleg for pendlarar som samkøyrer å parkere på nedlagd busshaldeplass om lag ein kilometer unna ferjekaia. Haldeplassen er ikkje lenger i bruk for buss. Sjå markering med raudt i vedlagde illustrasjon. 

Kvanne ferjekai skal forsterkast og forlengast, og arbeidet vil halde fram til om lag midten av april. Det vil bli nattarbeid på kaia frå natt til 12. desember – natt til 20. desember. 

Powered by Labrador CMS